Hendingar frå natta

  • GUT (16) INNELÅST I BUSS:

    Politiet måtte i natt tilkalla transportselskapet Boreal då dei fekk melding om ein 16 år gamal gut som var innelåst i ein buss i Stavanger. Guten hadde sovna under bussturen, og då han vakna var bussen tom og låst. Han ringde foreldra sine, som igjen varsla politiet. Boreal sine folk reiste ut til bussparkeringa på Revheim og fekk låst guten ut og frakta han heim.

  • BIL AV VEGEN I NEDSTRAND:

    Ein bil køyrde av riksveg 515 i Nedstrand i dag tidleg. Føraren stakk frå ulukkesstaden, men blei spora opp av politiet kort tid etterpå. Føraren var uskadd. Bilen hadde sommardekk. Politiet har teke førarkortet frå han.

  • FALT I BAKKEN UNDER SEX:

    Ei kvinne falt i bakken i Posthusgarasjen i Stavanger sentrum då politiet oppdaga at ho og ein mann hadde sex der inne. Ho kom frå hendinga utan skadar. Mannen og kvinna blei viste vekk frå sentrum.

  • KASTA SNØBALL PÅ POLITIBIL:

    Ein mann kasta i natt snøball på ein politibil. Då politiet fekk fatt i han, nekta han å sei kva han heitte. Nå er han meld for både snøballkastinga og for å nekta å opplysa om ID.

  • KØYRDE PÅ PERSON:

    Ei kvinne køyrde i natt på ein person i Bryne sentrum. Personen blei ikkje skadd. Føraren er mistenkt for å køyra i alkoholrus. Politiet har teke førarkortet frå henne.