Hopp til innhold

– Uklokt å halda Ryfast-rapport hemmeleg

Det er mange som ønskjer å lesa den nye rapporten om det omstridde vegprosjektet Ryfast, som kom i dag. Men samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa vil ikkje gje innsyn, uklokt meiner Hallgeir Langeland i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

Hallgeir Langeland

Hallgeir Langeland i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget kritiserer Samferdselsdepartementet for å ikkje offentleggjera ny rapport om Ryfast.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

– Eg trur fleire i Rogaland nå mistenker Kleppa for å halda tilbake rapporten bevisst, derfor meiner eg det er uklokt å ikkje offentleggjera den, seier stortingspolitikar og Ryfast-motstandar Hallgeir Langeland til NRK.no.

Rapporten som Samferdsledepartementet i dag fekk er ei ekstern kvalitetssikring av det omfattande vegprosjektet. (Sjå faktaboks)

Normal praksis

Særleg for motstandarane av prosjektet er det ønskjeleg å få tilgang til denne rapporten, som er noko av det siste som kan øydeleggja for planlagde Ryfast. Men ifølgje Kleppa vil truleg ingen få innsyn i rapporten før regjeringa legg saka fram for Stortinget i vår:

– Det er svært sjeldan at eit dokument som er med i grunnlaget for ei regjeringsvedtak vert frigjort før saka er ferdig handsama i regjeringa, seier Kleppa.

Likevel meiner Langeland at konflikten og striden i denne saka er så stor at det ville vore klokt å offentleggjort dei sporenstreks:

– Eg har allereie sendt ut ein førespurnad på e-post til Magnhild om at rapporten blir offentleggjort, seier han.

– Bompengespørsmål mest sentralt

Magnhild Meltveit Kleppa

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa seier at det ikkje er grunn til å tru at den eksterne kvalitetssikringa av Ryfast ikkje vil bli offentleggjort med det første.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Ordførar i Forsand Ole Tom Guse, som også er i mot Ryfast meiner det er viktig for debatten å få tilgang på rapporten:

– Nå må me jobba litt i blinde, sidan me ikkje veit om det me jobbar for og i mot blei teke vare på i rapporten, seier ordføraren.

Han meiner det spesielt ville vore viktig å få kjennskap til kva det eksterne konsulentfirmaet meiner om finansieringa av Ryfast:

– Spørsmålet om bompengar på bybrua er det mest sentrale for oss. Dersom det ikkje blir bompengar der så er det eit argument for at me skal få oppretthalda ferja her i Forsand, seier han.

Kleppa på si side, meiner ein ordførar burde forstå at visse dokument er interne.

– Det forstår eg, men dersom det ikkje er ting i dokumentet som gjer det problematisk med offentleggjering, så ønskjer me at ting skal vera ope, seier han.