Hopp til innhold

Appen viser om Guro «slurvar»: – Prøver å ikkje henge meg opp i det

Stadig fleire lastar ned helseappar for å nå treningsmål og omarbeide den mentale helsa si. Mindfulness, kalorilogging og trening er blant funksjonane som kan vere tilgjengeleg på mobiltelefonen.

Guro Aarre.

Guro Aarre mediterer med app. Ho meiner det gjer at det er sjølvdisiplinen som styrer rutinane hennar.

Foto: Kaja Nielsen Våga / NRK

Kvar morgon får Guro Aarre ein beskjed på telefonen om at det er på tide å meditere.

– Når eg først loggar inn, får eg opp eit nytt motiverande sitat kvar dag. Så kan eg sette på stoppeklokka i appen og sette i gang. Etter øvinga kan eg fortelje appen korleis eg har det i dag, seier ho.

Naturen er kjær for Aarre. Med hunden sin ferdast ho utandørs regelmessig.

– Appane er med på å gjere mindfulness meir tilgjengeleg. Om eg vil, kan eg sitte ute og sjå blankt ut mot havet medan eg mediterer.

Guro Aarre praktiserer Mindfulness med app.

Før meditasjonsøkta loggar Aarre inn på Insight Timar.

Foto: Kaja Nielsen Våga / NRK

Talet på helseapp-nedlastingar var 2,5 milliardar på verdsbasis i fjor. I 2021 auka inntektene til appane om mindfulness med 25 prosent samanlikna med året før, ifølgje State of Mobile 2022-rapporten.

Blir styrt av sjølvdisiplin

Når praksisen er tilgjengeleg på telefonen når enn ein ønsker, er det eigen sjølvdisiplin som styrer rutinen, meiner Aarre.

– Eg kan ærleg innrømme at eg fell frå av og til akkurat som mange andre gjer. Det gjeld å sjå bort frå dei sjølvkritiske tankane når det skjer, seier ho.

Ingbjørg Obrestad er instruktør i mindfulness, og meiner at fysisk oppmøte kan ha meir for seg enn å laste ned ein app.

Ingbjørg Obrestad er instruktør i Mindfulness.

I Ingbjørgs pusterom blir det øvd på pust og nærvær utan app.

Foto: Kaja Nielsen Våga / NRK Rogaland

– Likevel tenkjer eg at om ein klarer å halde oppe ein rutine på eiga hand, så er det vel så positivt, seier ho.

Ho opplever sjølv at auken i menneske som bruker helseappar, kan vere ein ringverknad av pandemien.

Då stod både hennar studio og andre sine tomt i lange periodar.

Helseappmarknaden hadde eit tydeleg hopp i talet på nedlastingar det første pandemiåret. Nivået har halde seg sjølv om samfunnet er ope igjen.

Felles for dei fleste helseappane er at dei kan brukast til å logge eigen framgang. Anten ein loggfører matinntak, trening eller meditasjon kan ein sjå eigen prestasjon over tid.

Guro Aarre mediterer med app.

I yogastudioet sitt Yoga frå Hjertet på Varhaug underviser Aarre også ulike yogatimar og kurs.

Foto: Kaja Nielsen Våga / NRK

Ein får god eller dårleg tilbakemelding inne i appen.

– Det kan bli sårt om ein ikkje klarer å halde oppe praksis og får dette synleg i appen, særleg om ein er på ein vanskeleg stad i livet. Eg kjenner ikkje på dette sjølv, og eg prøver å vere klar over å ikkje henge meg opp i det, seier Aarre.

Lege: Kan ikkje erstatte helsepersonell

Det kan bli annleis for dei meir sårbare.

– Eg tenkjer at tilbakemeldinga kan vere svært uheldig for ungdommar ettersom dette lett kan leggje føringar og styre liva deira, seier Helene Harnæs.

Ho er ernæringsfysiolog og lege, og svarer for tenesta Ung.no

– Ein kan stille seg spørsmål om kor heldig det er at desse verktøya er såpass tilgjengelege som dei er og at kven som helst kan nytte seg av dei, skriv ho i ein e-post til NRK.

Ho meiner at dei som har behov for å gå ned i vekt og nytte verktøy som helseappar, bør gjere dette samråd med helsepersonell.

– Viss ein som ungdom har eit anstrengt forhold til mat, kropp, trening og vekt, er det veldig viktig at ein snakkar med nokon om dette. Slik kan ein kan få hjelp og råd basert på ei individuell og rett vurdering, ikkje frå ein app, seier Harnæs.

Ung.no får dagleg førespurnader frå unge som ønsker å bruke helseappar for å registrere kaloriinntak.

– At ungdom tel kaloriar, kan bidra til at ein utviklar eit anstrengt forhold til både mat og kropp.

Ho påpeikar at appane er upresise, fordi dei berre tek utgangspunkt i parametrar som kjønn, alder, vekt, høgd og aktivitetsnivå, ikkje gen og kroppssamansetning.