Hopp til innhold

Helse Vest tilrår å fjerne TikTok og Telegram

Regionalt utval for informasjonssikkerheit i Helse Vest tilrår at sjukehusa på Vestlandet følgjer NSM sine konklusjonar for appane TikTok og Telegram.

Difor meiner leiinga at appane ikkje bør installerast på tenestetelefonar i helseføretaka.

– Vi rår medarbeidarar i verksemdene i Helse Vest frå å installere og bruke appane TikTok og Telegram på mobiltelefonar og andre einingar som er tilknytt, eller har tilgang til, den digitale infrastrukturen eller tenestene våre, seier Lars Erik Baugstø-Hartvigsen, som er leiar for informasjonssikkerheit i Helse Vest RHF, ifølge ei pressemelding.

Anbefalinga gjeld òg for einingar som på andre måtar er knytt til helseføretaka sine interne, digitale tenester. Det kan til dømes vere når TikTok er installert på ei privat eining, som er kopla opp mot e-postkontoen ein har på jobb.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)
Foto: Josef Benoni Ness Tveit