Helse- og oppvekstfag er vinnar

Den store interessa for helse- og oppvekstfag held seg. Søkartala til vidaregåande skular i Rogaland viser at over 1000 ungdommar har dette som førsteval. Dette er like mange som i fjor, då søkartala til denne retninga auka kraftig. Musikk, dans og drama har fleire søkarar enn i fjor. Medan Teknikk og industriell produksjon har nesten 50 prosent færre søkarar enn for fire år sidan.