Hopp til innhold

Sokken båt var truleg pøbelstreker

Då det vart oppdaga ei sokken tresnekke ved Obrestad hamn på Jæren i dag tidleg sette Hovudredningssentralen (HRS) i gang helikoptersøk. Det viste seg at båten var stolen.

Sokken båt utanfor Nærlandstranda

Hovudredningssentralen fekk inn bilete av denne båten frå meldaren.

Foto: HRS

Det var klokka 06.30 at Hovedredningssentralen fekk melding frå ein forbipasserande båt om at ei tresnekke hadde sokke utanfor Nærlandstranda ved Obrestad fyr. Den låg framleis med baugen over vassflata eit par nautiske mil utanfor Nærlandstranda.

Klokka 06.45 sende HRS ut eit redningshelikopter, som søkte etter folk i området.

– Truleg pøbelstrekar

Klokka 10:40 har redningssentralen vore i kontakt med eigaren og konkludert med at båten sannsynlegvis er stolen eller losna frå fortøyinga som ein pøbelstrek.

– Forholda tilseier at noko kanskje har skjedd. Det er ingenting som tyder på at snekka har slite seg og det er jo veldig fint vêr, sa redningsleiar ved Hovedredningssentralen Andreas Bull til NRK.no i 07.30-tida.

Fire timar seinare vart situasjonen avklart.

Omfattande søk

– Me har også vore nede med dykkarar og sett etter folk i båten, og det er ingen der. Derfor gjer me nå eit søk i området, samstundes som me prøver å finna ut kven som er eigar av båten, sa Bull.

Båtar i området vart også varsla og ei redningsskøyte vart også sett inn i søket.

Samstundes jobba dei med å heisa opp båten, for å sjå om dei kunne finna årsaka til at den har sokke.

Sea King søker etter folk

Sea King helikopteret frå Hovudredningssentralen leita i fleire timar etter personar som kunne ha vore om bord i båten.

Foto: Even Hægstad