NRK Meny
Normal

Helikopter styrta og tok fyr på Nærbø

Eit helikopter med to personar styrta på Nærbø i Hå kommune laurdag ettermiddag. Helikopteret tok fyr, men ingen kom til skade, melder politiet.

Helikopterstyrt på Nærbø

Halen blei kutta av av rotorbladet då det gjekk gale ved Jæren mikroflyklubb på Høyland på Nærbø.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Trond Olav Salte

Trond Olav Salte er innsatsleiar i politiet.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Klokka 12.23 fekk politiet melding om eit helikopter hadde gått i bakken med to personar om bord. Helikopteret byrja og brenna, men dei to kom seg ut.

– Ambulansepersonell var kort tid etter på plass og kunne slå fast at dei to var uskadde, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Brit Randulff.

Snurra rundt to gonger

Helikopteret var av typen AS-350, og det styrta ved flystripa til Jæren mikroflyklubb på Nærbø. Det tok av frå Sola og skulle gjennom nokre rutinemessige tryggleiksprossedyrar.

Det var ein instruktør og ein pilot om bord i flyet.

– Hydraulikken var kopla ut for å gjera ei manuell landing. Det fekk ikkje piloten til, og helikopteret snurra rundt to gonger før halen blei knekt og kutta av rotorbladet, opplyser innsatsleiar i politiet, Trond Olav Salte.

Eit helikopter med to personar styrta på Nærbø i Hå kommune i dag. Helikopteret tok fyr, men ingen kom til skade, melder politiet.

STYRTA PÅ FLYSTRIPE: Her kan du sjå brannmannskapet sløkka helikopterbrannen etter ulukka på flystripa på Høyland på Nærbø laurdag føremiddag.

Kom seg ut før brannen starta

Dei to kom seg ut av helikopteret før brannen starta. Dei blei tekne med til legevakta av ambulansehelikopteret.

Brannvesenet fekk sløkt brannen raskt (sjå video).

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Flere nyheter fra Rogaland