NRK Meny
Normal

Helikopter-problem i Nordsjøen

Eit helikopter av type Sikorsky S-92 måtte i dag tidleg gjera ei kontrollert landing på Ula-feltet i Nordsjøen etter feilmelding. Teknikarar er nå på veg ut for å undersøka helikopteret.

Ula-plattformene

Helikopteret måtte landa på bustadplattforma på Ula-feltet. På feltet er det også ei boreplattform og ei produksjonsplattform.

Foto: bp.com

Det var 14 passasjerar om bord i CHC helikopteret som klokka 09.10 i dag letta frå den flyttbare riggen Maersk Galant i Nordsjøen. Dei skulle til Stavanger lufthavn, men alt var ikkje som det skulle.

– Det blei etter kort tid registrert ein alarmindikasjon. Pilotane bad om å få gjera ei kontrollert landing på nærmaste installasjon, seier Leif Harald Halvorsen, som er kommunikasjonssjef i Total i Norge.

Teknikarar på veg

Derfor landa helikopteret på ei av plattformene til BP ute på Ula-feltet. Her er framleis dei 14 passasjerane, som alle var på jobb for oljeselskapet Total, saman med dei to pilotane frå CHC Helikopterservice.

– Dei blei godt tekne imot på Ula. Dei må vera der ute til situasjonen rundt helikopteret er avklart. Det er teknikarar på veg ut nå, som skal sjå på helikopteret, seier Halvorsen.

Til VG har CHC-pressekontakt Elisabeth Skarsbø Moen sagt at pilotane fekk varsel om lågt oljetrykk.

– Ikkje kjekt å få feilmeldingar

Ingen av dei 14 passasjerane er tilsette i Total, men dei jobbar for ulike leverandørbedrifter, som Total bruker.

– Korleis er det å få ei slik melding så kort tid etter Turøy-ulukka?

– Det er ikkje kjekt å få feilmeldingar, eller å gjera kontrollerte landingar andre stader enn planlagt. Men når ein først får denne type indikasjonar i varslingssystemet så må prosedyrane følgjast, og det har ein gjort her, seier Halvorsen.

Helikoptertypen Sikorsky S-92 er den mest brukte helikoptertypen til offshore-transport, nå som EC225 er sett på bakken i samanheng med Turøy-ulukka.