– Vi skal hjelpe politiet med åtgangskontroll og kontroll på objektet, seier troppssjef i styrken som er på Kårstø, Jon Talgø.
Han leier innsatsstyrken, som er ein del av Heimevernet sine soldatar i området. Til saman er det 4000 heimevernssoldatar i Rogaland.
Jon Talgø, troppssjef for Innsatsstyrke Osprey HV08 Agder Rogaland.
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRKTalgø seier hans tropp på Haugalandet har trent mykje på slike oppdrag. Han veit ikkje om fleire enn innsatsstyrken kjem til å bli kalla ut eller kor lenge oppdraget kjem til å vare.
Får politimakt
På bakgrunn av auka trugselnivå har Kystverket bestemt å heve sikringsnivået til nivå 2 på 19 utvalde hamneanlegg.
Politimeister i Sør-Vest politidistrikt, Hans Vik, vil ikkje karakterisere alvoret i situasjonen, men seier det er tilstrekkeleg til å be om vakthaldet og bistanden dei nå mottar frå Heimevernet.
Politimeister i Sør-Vest politidistrikt, Hans Vik.
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK– Me har gitt ein ordre til Heimevernet, og dei har fått avgrensa politimakt. Det betyr at uniformert HV-personell rundt anlegget her har politimakt på eit bestemt område. Det må dei som bur her vera klar over, seier Vik.
Også Vest politidistrikt og Møre og Romsdal politidistrikt har bestemt å gi Heimevernet avgrensa politimakt.
– Det er veldig spesielt. Det er første gang på lang tid at vi har behov for skarp bistand frå Forsvaret til politiet, seier politimeister Kåre Songstad i Vest politidistrikt.
Han møtte til pressebrifing måndag ettermiddag saman med stabssjef for Vest politidistrikt, Gustav Landro.
– Heimevernet overtar vakthaldet, og vi har etablert gode rutinar saman med dei. Det er viktig for oss å informere befolkninga om at Heimevernet opptrer på våre vegne, og at de har med seg våpen. Det er helt naturleg og normalt, seier Landro.
Måndag morgon er Heimevernet på plass ved Kårstø i Tysvær i Rogaland. Carl Thomas Omnes (fremst) er korporal i innsatsstyrken.
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRKBer skip førebu seg
Kystverket ber alle skip som skal innom 19 hamner i Noreg om å førebu seg.
Arve Dimmen er direktør for navigasjonsteknologi og maritime tenester i Kystverket. Han fortel at sikringsnivå 2 inneber auka overvaking og auka kontroll av personell og varer.
– Det fører til at vi har betre kontroll og oversyn over aktiviteten. Det kan òg henda at nokre operasjonar går saktare, seier Dimmen.
Også på Mongstad i Nordhordland er det auka vakthald måndag. Fremst i biletet er politi med våpen, og bak er heimevernssoldatar.
Foto: Alrik Velsvik / NRKBlant dei 19 hamnene er også fleire anlegg Heimevernet frå måndag skal hjelpe politiet med å halde vakt ved. Søndag fekk politidistrikta i Vest, Sør-Vest og Møre og Romsdal ja på sine spørsmål om bistand frå Heimevernet for å halde vakt ved anlegga.
Det gjeld mellom andre gassanlegget på Nyhamna i Aukra i Møre og Romsdal, Mongstad i Alver og Kollsnes i Øygarden i Vestland og Kårstø i Tysvær i Rogaland.
– Vi er på oppdrag for å hjelpe politiet med å sikre kritisk infrastruktur. Det er ein viktig oppgåve å bidra til forsterkning av vakthald og vere synlege på viktige objekt, seier områdesjef for heimevernsområdet Ormen Lange ved Nyhamna, Terje Male.
Førebudd på å kalle inn fleire soldatar
Christoffer Thomas Knutsen er sjef for HV09, Heimevernet i Vestland. Også han har kring 4000 soldatar under seg. Enn så lenge er det berre soldatar frå innsatsstyrka Bjørn West som er kalla inn til teneste på anlegga i Mongstad og Kollsnes.
Christoffer Thomas Knutsen er oberstløytnant for Heimevernet i Vestland. Her ved Equinor Kollsnes i Øygarden kommune.
Foto: Alrik Velsvik / NRK– Det er fordi dei er best trent på å vera raske på labben. Dei vel 4000 soldatane som høyrer til Heimevernet i Bergenhus HV-distrikt 09, kan forvente å bli kalla inn til teneste dei kommande vekene, fortel Knutsen.
Han presiserer at det første rekke vil vere aktuelt med soldatar i nærområdet til gass- og oljeanlegg, som Øygarden og Alver.
Oberstløytnanten fortel at Heimevernet har soldatar som er spesialtrent på å beskytte olje- og gassanlegg.
– Desse vil det nok bli spesielt aktuelt å kalle inn når det er behov for det, seier Knutsen, som fortel at det mest sannsynleg vil bli aktuelt om ei vekes tid.
Han vil ikkje gå inn på tal når det kjem til soldatar frå hans område som nå held vakt. Det vil heller ikkje representantar frå Sør-Vest politidistrikt eller Møre og Romsdal politidistrikt.
Kystverket har heva sikringsnivået ved 19 hamneanlegg i Noreg. Overordna betyr det auka vakthald og kontroll av gods og personell.
Alle skip som skal til ein av dei, blir bedne om å førebu seg. Nokre operasjonar kan ta meir tid enn vanleg. Tre av desse hamnene ligg utanfor Stavanger.
I Øygarden ligg mellom anna Kollsnes prosessanlegg, eit prosessanlegg for gass frå felta Troll, Fram, Visund og Kvitebjørn.
På Melkøya i Hammerfest er eit produksjonsanlegg (LNG-anlegg) for nedkjølt, flytande naturgass frå felta Snøhvit, Askeladd og Albatross. Om lag 500 personar jobbar der.
Equinor: – Ingen konkret trugsel
Alle landanlegga kan vere sentrale mål. På Kårstø er til dømes rundt 30 gassfelt knytte til anlegget via røyrleidningar. Vidare blir gass send i røyr til kontinentet.
Equinor er teknisk driftsansvarleg på Kårstø.
– Det er viktig å understreke at vi hever sikringsnivået som eit føre var-tiltak. Det er ingen konkret trugsel mot oss, seier pressetalsperson Gisle Ledel Johannessen.
Heimevernet på plass på Kårstø i Rogaland
Heimevernet på plass på Mongstad i Nordhordland
Han seier selskapet har heva beredskapen og sikringsnivået på installasjonar, landanlegg, forsyningsbasar og kontor i Noreg.
– Vi følger utviklinga og gjør løpande vurderingar av behovet for ytterlegare sikring, seier han.
Bakgrunnen for vakthaldet og hevinga av sikringsnivået er lekkasjane i Nord Stream-røyrleidningane i Østersjøen og fleire droneobservasjonar ved norske plattformer i Nordsjøen.
Det er innført auka beredskap på Hammerfest LNG-hamn, eller Melkøya. Avbildet er inngangen til Equinor.
Foto: Allan Klo