Hopp til innhold

Heile familien involvert i same film-prosjekt: – Me e som Ingebrigtsen-familien

Ekteparet Silje Salomonsen og Arild Østin Ommundsen, kjent frå filmar som Mongoland og Eventyrland, har nå laga sin aller første barnefilm – med døtrene Billie og Vega i hovudrollene.

Silje Salomonsen og Arild Østin Ommundsen

Filmskaparparet Silje Salomonsen og Arild Østin Ommundsen ha laga barnefilmen «Tottori. Sommaren vi var aleine» med døtrene Vega og Billie i hovudrollene.

Foto: Berit Roald / Scanpix

– Silje er Gjert, eg er mor, og ungane er ungane. Dette er ein livsstil. Alle er nøydde til å vera med, seier Ommundsen.

Han samanliknar deira familie med Ingebrigtsen-familien. Heile familien har blitt involvert i same prosjekt. I to år har dei laga barnefilm saman. Og på fredag er det premiere på «Tottori – Sommaren vi var aleine».

Torsdag har dei første filmomtalane kome. Filmen får blant anna terningkast fem hos NRK, Klassekampen og Cinema.

– Det er noko me strengt tatt ikkje er så opptekne av, sidan det er snakk om to ganske unge jenter i hovudrollene. Men det er klart det er stas. Det er mykje betre enn å få slakt, seier Ommundsen.

Grunnen til at han ikkje er så oppteken av omtalen er fordi han har to roller i dette prosjektet. Både som mannen bak kamera. Men også som far.

– Me vil ikkje at jentene skal leggja heile opplevinga av det arbeidet me har gjort dei siste to åra på eit tal. Blir dei veldig opptekne av gode omtalar, så vil dei også henga seg veldig opp i ei setning som kan vera negativ. Me prøver å ha fokus på prosessen. Det er det som er lukka.

Billie (Billie Østin) og Vega (Vega Østin) er uenige om retningen i «Tottori! Sommeren vi var alene».

Billie og Vega er ikkje samde om retninga i filmen.

Foto: Norsk Filmdistribusjon/Chezville AS

Familie og kollegaer

Mens døtrene førebels er uerfarne i filmbransjen, har foreldra lang erfaring.

Dei er kjent frå blant anna filmar som Mongoland og Eventyrland. Difor synest Ommundsen det er ekstra kjekt at døtrene får skryt for sine skodespelarprestasjonar.

«Vega Østin og Billie Østin imponerer med naturleg utstråling og fenomenal innleving» skriv NRKs Birger Vestmo i si omtale.

– Det er veldig kjekt for dei, seier Ommundsen.

Men sjølv om foreldra har jobba saman før, så har det har kosta å vere filmteam samtidig som ein er familie. Det var både foreldre og barn opne om då dei møtte NRK før den første visninga av filmen for publikum i førre veke.

– Om me ikkje hadde hatt eit så godt emosjonelt grunnlag, så hadde dette vore det som hadde skyvd oss ut mot kanten. Hadde vi slite i botn, trur eg vi hadde vore skilde etter denne innspelinga. Men det er me ikkje, så det må vere eit slags fundament, sa Ommundsen.

– Eg skriv under på det, sa Salomonsen.

– Det var kjekt, men det var vanskeleg også. Det er vanskeleg å laga film med Billie, for av og til vil ho ikkje, sa dottera Vega.

Silje Salomonsen

Silje Salomonsen og Arild Østin Ommundsen på kontoret.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Premiere i ei annleis tid

Og som familien Ingebrigtsen, var ikkje denne familien heller redd for å leggje ambisjonane høgt.

– Dei verkeleg bra filmane, som du har lyst å sjå sjølv og gi til ungane dine ... dei er det ikkje så mange av. Så me satsa på å laga ein sånn, sa Salomonsen.

– Me tok rett og slett sikte på å laga ein klassikar i sjangeren ... tydelegvis, la Ommundsen til.

Men samtidig som filmen no har fått gode omtalar så er det ikkje til å stikka under ein stol at det er vanskeleg å seie korleis billettsalet blir. Fleire og fleire har utsett sine filmar for å venta på at kinoane kan ha meir publikum. Men for denne filmen har det vore motsett.

– Denne filmen skulle eigentleg bli lansert i haustferien, men alle utset. Hadde me venta med vår film, så kunne me risikera at den drukna totalt, seier Ommundsen.

Han håper at det dei tapar på at det er færre på kinoane, blir gjort opp med at fleire av dei som går på kino vel deira film. I ei tid der fleire har måtte bruke ferien i norsk natur, håper han ein film om to jenter på tur slår an.

– Kanskje har den blitt meir aktuell også.

Silje Salomonsen, Vega og Billie Østin.

Silje Salomonsen saman med døtrene Vega og Billie Østin.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK