Normal

Heidra for heltedåd 65 år etter

Gunvor Kvilstad kasta seg ut i det kalde vatnet i konfirmasjonskleda og redda Jørgen Ydstebø frå å drukna for 65 år sidan. I dag blei ho heidra for heltedåden.

Gunvor Kvilstad og Jørgen Ydstebø

Gunvor Kvilstad og Jørgen Ydstebø er naboar og har kjent kvarandre heile livet.

Foto: Eirik Gjesdal

– Dette blir veldig spesielt. Kva tenker denne dama når ho nå plutseleg får besøk? undrar Arnvid Brustveit frå Norges Livredningsselskap.

Han er klar til å overraska Gunvor Kvilstad med diplom på 80-årsdagen hennar heime på Kvitsøy. Norges livredningsselskap har tradisjon for å heidra folk som reddar liv. Men det er svært uvanleg at det skjer 65 år etter heltedåden.

– Som regelen blir folk heidra i nær tid etter hendingane. Toppen to år etter, seier Brustveit i Livredningsselskapet.

Planen var at også Gunvor skulle få sin heider like etter hennar livsviktige innsats i 1950, men det skjedde ikkje. Innstillinga til Livredningsselskapet blei gløymd av lensmannen den gongen.

I den seinare tid har sonen hennar arbeida med saka, og det er han som nå har nominert mor si til heidersbeviset.

Eg ramla på sjøen, og antakeleg ville det ikkje gått så bra dersom ikkje Gunvor hadde kome.

Jørgen Ydstebø

Den dramatiske dagen

Gunvor Kvilstad heidra

Her får Gunvor Kvilstad diplom og blomar av Norges livredningsselskap for den livsviktige innsatsen ho gjorde for 65 år sidan.

Foto: Eirik Gjesdal

Me skrur tida tilbake til våren 1950. Ein fem år gammal gut fell utfor bryggekanten på Kvitsøy.

Ein mann forsøker forgjeves å få tak i han ved hjelp av ein båtshake då nykonfirmerte Gunvor Kvilstad (nå 80 år) kjem forbi. I finstasen på veg til konfirmasjonsfest tar 15-åringen av seg kåpe og sko og kastar seg ut i det iskalde vatnet og reddar den vesle guten.

5-åringen er i dag 70 år. Han hugsar ikkje så mykje av denne dagen lenger, men kan sannsynlegvis takka Gunvor for at han ikkje drukna den gongen.

– Eg ramla på sjøen, og antakeleg ville det ikkje gått så bra dersom ikkje Gunvor hadde kome, seier Jørgen Ydstebø.

Han var med to kameratar, men dei kunne ikkje symja. Det kunne heldigvis konfirmanten.

– Gunvor var god til å symja. Men ho måtte symja eit stykke og det heile tok si tid, minnest Jørgen.

Denne merksemda kom som lyn frå klår himmel. Det er heilt fantastisk.

Gunvor Kvilstad

Blei overraska

Gunvor feira 80-årsdag med venninnene sine då ho plutseleg blei overraska av Norges Livredningsselskap laurdag. Og 80-åringen blei verkeleg tatt på senga.

– Denne merksemda kom som lyn frå klår himmel. Det er heilt fantastisk, seier jubilanten, som har vore nabo med Jørgen gjennom åra og kjent han heile livet.

– Eg får lov til å sjå han nesten kvar dag. Det synst eg er ei stor glede.

Den dramatiske vårdagen i 1950 er ikkje ein dag ho ofte tenker på. Men 80-åringen er framleis glad i å ta seg ein symjetur.

– Eg håpar eg får mange gode år til og at eg får lov til ta ein badetur med Jørgen på sundet, ler redningshelten frå 1950.