Hopp til innhold

Heider og ære til Stavangerkameratene

Sangen «Bare så du vett det» har teke av på nett. Med to millionar strøymingar blei det gullplate og god stemning på Stavanger konserthus i dag.

Stavangerkameratene har blitt strøyma to millionar gonger på nett. Slik blir det fest av.

STAVANGERKAMERATENE: Tommy Fredvang, Glenn Lyse, Kjartan Salvesen og Ole Alexander Mæland fekk i dag trofé for to millionar strøymingar av sangen «Bare så du vett det».

– Eg står i alle fall for ti av strøymingane sjølv, seier Kjartan Salvesen etter han og bandet har teke imot ei plate i gull på grunn av suksessen med «Bare så du vett det».

Heile kameratgjengen var samla på Stavanger konserthus for å bli heidra i dag, samstundes som dei serverte ein minikonsert med «Bare så du vett det» i akustisk versjon (sjå video).

– Skikkeleg stolt

– Det kjennest heilt fantastisk, men det er også ganske absurd med tanke på at dette byrja som eit overskotsprosjekt for godt over eit år sidan. Det har skjedd så mykje at eg kjenner for første gong på lenge at eg er skikkeleg stolt, seier Salvesen.

Stavangerkameratene kviler likevel ikkje på laurbæra, for feiringa av to millionar strøymingar var også ei promotering av den nye singelen «Bare du» som kjem ut på fredag.

– Ja, dette toget rullar og går så lenge me kosar oss og har det kjekt, slår Tommy Fredvang fast.