Hopp til innhold

Heider og ære til redningsdykkarar frå Stavanger

Den velfungerande redningsaksjonen, som berga tre burmesiske barneliv i Stavanger, har ført til at Dagbladet nå har kåra redningsdykkarane Tom Amundsen og Raymond Wikre til «Årets namn 2010».

Bil utanfor kai Stavanger

Det var denne bilen tre barn sat innesperra i under sjøen i over 20 minutt. Alle lever i dag.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

Det var i tolv tida på dagen den 21. august ein bil rygga utanfor kaien på Tasta . Bilen med tre barn og ein vaksen i sokk ned i sjøen. Den vaksne klarte å koma seg ut og opp men, framleis sat tre barn på 17, 6 og 3 år innesperra i bilen på elleve meters djup.

Redningsapparatet i Stavanger blei sett i sving, og på grunn av eit svært velsmurt og godtfungerande samarbeid kan alle dei tre barna leva eit normalt liv.

– Alt fungerte

I dagens Dagbladet blir to av dei som var med på denne redningsaksjonen heidra med tittelen «Årets namn 2010».

Både prisvinnarane og juryen skal ha understreka at langt fleire enn dei to dykkarane fortener ein flik av premien, «For dette er en sak der alt fungerte» skriv juryen i si grunngjeving.

Likevel er prisvinnarane Tom Amundsen og Raymond Wikre frå Stavanger nøgde med prisen:

– Meir enn jobb

– Eg tenker framleis på denne aksjonen omtrent dagleg. Eg har haldt på med dette i 22 år, drilla og drilla. Alltid kjem me for seint, men denne gongen lukkast alt, seier prisvinnar Tom Amundsen til Dagbladet.

«For noen er jobben bare en jobb. For redningsdykkerene Tom Amundsen og Raymond Wikre er den noe langt mer.» skriv juryen i si grunngjeving.

Prisen dei to får er ein statuett av «Dagbladetguten».

Video Bil i sjøen

Video frå dagen ulukka skjedde.

Flere nyheter fra Rogaland