Hopp til innhold

Heia Noreg!

Noregs Mållag kaster seg inn i debatten om landslagsdraktene.

Landslagskaptein Martin Andresen

Noregs Mållag vil Noreg på brystet til Martin Andresen.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Noregs Mållag vil at det skal stå Noreg på draktene til det norske fotballandslaget. Mållaget etterlyser nynorskutgaven av den nye landslagslogoen til Norges Fotballforbund.

- Flagget var dekkjande for alle som fylgjer landslagsfotball, men ved å skrive "Norge" i logoen, har Fotballforbundet ignorert den delen av publikum som nyttar nynorsk, seier leiar i Mållaget, Hege Myklebust

Noreg på brystet

- Sjå kor flott den nye logoen ser ut med NOREG over - det passar jo veldig godt, seier Hege Myklebust. Dette burde Fotballforbundet ha tenkt på sjølv, men her har dei eit framlegg frå oss, heilt gratis!

Myklebust tror mange ville være glade for å få en drakt med 'Noreg' på, både fotballspillere og andre. - Det er vel heller ikkje noko i vegen for at landslaget kunne spelt nokre landskampar med 'Noreg' på brystet. Om eg kan få ei skjorte med 'Noreg' på, skal i alle fall eg kjøpa mi fyrste landslagsdrakt, seier Hege Myklebust.