Hopp til innhold

Hawjin og Nawjin får ikkje bli i Norge

Etter å ha budd heile sitt liv i Haugesund har Oslo tingrett no bestemt at Hawjin (11) og Nawjin (9) må ut av landet. Dommen vil bli anka vidare til lagmannsretten, seier venn av familien.

Søstrene Alinejad

Nawjin og Hawjin Alinejad bor i Haugesund.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Dei har det ikkje godt. Dei hadde eit håp om at avgjersla skulle gå i deira retning, seier venn og støttespelar av familien, Per Monclair Larsen til NRK.

Han har vore heime hos familien no i kveld.

Dei to søstrene, Hawjin (11) og Nawjin (9) er begge fødde på sjukehuset i Haugesund, foreldra deira kom til Norge frå Iran i 2003.

Haugesund avis skreiv tidlegare i dag at Oslo tingrett har bestemt at familien ikkje har rett til opphald her i landet, og at dei må reise tilbake til Iran.

– Eg har snakka med adokaten til familien, og han bekrefter at dei har bestemt seg for å anke, seier Larsen.

Fleire avslag

I mars i år fekk familien endeleg avslag på sin asylsøknad i Utlendingsnemnda (UNE). Då fortalde den eine systrer, Hawjin, til NRK at ho ikkje kunne sjå for seg eit liv i Iran.

– Eg veit ikkje kva dei gjer der, og kva slags reglar dei har, sa ho då.

Familien fekk avslag på asylsøknadane allereie i 2004, men har klaga inn vedtaket fleire gonger.

I det endelege avslaget frå UNE i mars blei det mellom anna lagt vekt på at faren hadde ein dom på seg frå 2009. Og at faren sette seg til motverje då familien blei forsøkt uttransportert til Iran i 2006. UNE meinte difor at omsynet til barna ikkje veide like tungt.

Har skapt eit stort engasjement

Mange har engasjert seg for at familien skal få bli. For at familien skulle ha råd til å gå til rettssak mot UNE sitt vedtak, samla støttespelarar inn pengar.

Lagvenninnene til Hawjin og Nawjin i Vard, var blant dei som selde kaffi og kaker for å skaffe nok pengar.

Familiens støttespelar Per Monclair Larsen seier til Haugesunds avis at dei ikkje har gitt opp håpet om at familien skal få bli.

– Me står på vidare. No må me ut og samle inn meir støtte og pengar, seier Larsen til avisa.