Havregraut skal gi elevane betre konsentrasjon

Elevane på Bærland skule i Gjesdal skal få gratis frukost ein gong i veka. Rektor satsar på at havregraut skal få elevane til å læra meir.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Litt prøving og feiling må til når det er første gong ein skal laga 60 porsjonar havregraut.

Tom Kenneth Gilje

REKTOR: Tom Kenneth Gilje.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

– Ein god start på dagen er viktig for at hovudet skal vera klart for læring. Det handlar om konsentrasjon, uthald og å få nok energi fram til lunsj. Då er havregraut eit veldig godt alternativ, det er enkelt å laga, rimeleg og så veit me at det held ei stund.

Rektor Tom Kenneth Gilje på Bærland skule i Gjesdal er ikkje heilt sikker på kor mykje salt som skal i grauten, og byrjar forsiktig. Det blir litt prøving og feiling første gong han skal laga 60 porsjonar graut.

Ein gong i veka skal han laga graut til elevane sine, noko ekspertane gir han tommel opp for.

Elisabeth Lind Melbye

ERNÆRINGSFYSIOLOG: Elisabeth Lind Melbye ved UiS.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

– At skular går framfor og viser at det går an, og at dei får gode resultat i form av rolege klassar og betre prestasjonar, det er tommel opp til dei, seier Elisabeth Lind Melbye, ernæringsfysiolog ved Universitetet i Stavanger.

– Det er kjempeviktig for skuleelevar å få seg ein god frukost. Det gjer at dei klarar å halda konsentrasjonen oppe og lettare ta til seg lettare, held ho fram.

Då grauten vart servert på Bærland, såg elevane sjølve også nytta i det.

Emma Adelie Dalen Tønnesen

NØGD: Emma Adelie Dalen Tønnesen

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Veldig greitt, for eg likar veldig godt graut. Av og til gidd eg ikkje eta heime fordi det ikkje er noko godt i kjøleskåpet, seier elev Emma Adelie Dalen Tønnesen.

– Veldig godt. Eg syns ikkje den var for salt, Markus Bøvik.