NRK Meny
Normal

Denne vesle krabaten uroar forskarane

Den rare fisken med pannelugg kom som blindpassasjer på ein båt frå Malta. – Det er denne type ting som uroar oss, seier Vivian Husa som er forskar ved Havforskingsinstituttet.

Fisk funnen i Karmsundet

FRAMANDART: Denne fisken blei funnen på eit skip som ligg i opplag utanfor Karmøy. Den gøymde seg inne i ein rur som hang fast utanpå båten.

Foto: Rudolf Svensen / Havforskinginstituttet

Havforskingsinstituttet gjorde førre veke undersøkingar på dei mange skipa som for tida ligg i opplag i Karmsundet mellom Haugesund og Karmøy på kysten av Rogaland. Dei fann både krabbar, skjel, reker, fisk og østers som ikkje høyrer heime i norsk natur.

– Dette er båtar som kjem frå utlandet og som nå har ligge lenge i ro i Karmsundet. Når me ser kor mykje som veks på desse båtane, så blir me uroa, seier Vivian Husa, som er forskar ved Havforskingsinstituttet.

Frykt for sjukdommar og etablering

Det mest uvanlege funnet dei gjorde var ein liten fisk som hadde gøymt seg i ein rur, noko som liknar litt på eit skjel. Fisken er liten med ein karakteristisk pannelugg. Teorien til Havforskingsinstituttet er at den har kome med båten frå Malta.

– Den har nok hatt ein god bris i sveisen på overfarten, spøker Husa.

Likevel så er det nettopp denne type ting dei er urolege for – at det skal koma denne type artar og ta med seg ukjende sjukdommar eller etablera seg, og i verste fall utkonkurrera andre naturlege artar. Dei siste åra har dei sett at fleire arbeidsfartøy kome heim til Noreg frå varme strok på grunn av mangel på oppdrag i dårlege økonomiske tider. Desse fartøya kan ha med seg blindpassasjerar, som fisken frå Malta.

Når dei nå har undersøkt fisken nærmare har dei likevel konkludert med at det er ein art som truleg ikkje hadde klart seg her i Noreg uansett.

– Museet i Bergen har identifisert fisken som ein Parablennius zvonimiri. Denne arten er endemisk for Middelhavet, noko som vil seia at den truleg ikkje hadde overlevd her, seier ho.

Blindpassasjer på skipsskrog

Slik kan fiskar koma som blindpassasjerar på båtar. Dette er ein kvabbe som gøymde seg i eit tomt rur (skal frå eit krepsdyr) som var festa på ein båt som kom heilt frå Mexico i fjor.

Foto: Rudolf Svensen / Havforskingsinstituttet

Stillehavsøsters fester grepet om Vestlandet

Det finst også lyspunkt etter undersøkingane som er gjort i Karmsundet. Heldigvis er det førebels berre rapportert om framande artar på skipsskroga, og ikkje fritt i naturen, utanom nokre krabbar og reker utanfor industriområdet Kårstø. Og stillehavsøsters som er godt kjend frå før.

– I naturen finn me stort sett berre stillehavsøstersen av framandartar. Denne har jo allereie spreia seg kolossalt på Sørlandet, men me ser at den er i ferd med å også festa grep om Rogaland og Hordaland nå. Me fann mykje av den i området rundt Avaldsnes og i ei grunn bukt ved Kårstø.

Laster kart, vennligst vent...

Undersøkingane blei gjort i Karmsundet mellom Karmøy og Haugesund i Rogaland.