Hopp til innhold

Målet var å slå Petter Steen

Arne-Christian Mohn (Ap) tok over som ordførar i Haugesund etter den svært populære høgreordføraren Petter Steen jr. Derfor er det kanskje ikkje så rart at hans einaste mål i trøbilkonkurransen Top Pedal var å slå tida til Steen.

Haugesund ordfører Arne-Christian Mohn deltar på Toppedal

VIDEO: Arne-Christian Mohn stilte til start i NRK Rogaland trøbil.

Det er inga tvil om at haugesundsordføraren tok trøbilkonkurransen på alvor. Han tråkka til og gav jernet frå start, og klarte å halda eit godt tempo heilt inn mot mål.

Han nådde målet sitt med å danka ut Petter Steen jr. og la seg inn like framføre kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen på ein førebels 34. plass.