Hopp til innhold

Musikken har fått mykje skryt - til hausten kjem albumet

Dei er lista på P1 og P3, har spelt på by: Larm og Lindmo, og til hausten gir dei ut plate. 17-åringane Elsa Søllesvik og Emilie Haaland Austrheim har i det siste fått kjenna litt på kjendislivet heime i Haugesund.

Elsa og Emilie spiller i kjelleren der de har skrevet flere av sangene sine.

I KJELLAREN: I denne kjellarstova i Haugesund har mange av songane blitt til.

– Me har blitt kjent att nokre gonger på butikken og sånt. Det er eigentleg «ganske feitt», ler Elsa Søllesvik.

Debutplate på gang

Haugesundsduoen Elsa & Emilie har i det siste tatt musikknorge med storm. Dei har spelt på Lindmo på NRK1 og det anerkjende bransjetreffet by: Larm og dei er lista på både P1 og P3. No er 17-åringane i full gang med CD-innspeling, og eit ferdig album er klart til hausten.

– Me har me oss fullt band og jobbar mykje med dei for å få det best mogleg. Plata blir litt annleis enn om det berre hadde vore oss to, seier Søllesvik.

I ei kjellarstove i Haugesund blir musikken skapt. I dette rommet har dei brukt mange timar. Veldig mange timar.

– Eg har ikkje tal på kor mykje tid me har vore i denne kjellarstova og øvd, men det byrjar å bli ganske mange, seier Haaland Austrheim.

Elsa & Emilie gir ut CD til hausten.

I studio i Bergen jobbar dei med Anders Bjelland og Jens Christian Rimau, som blant anna produserte Alfred Hall sitt album «Wilderness», som vart nominert til Spellemann 2013. Bjelland er full i lovord om dei to musikkarane.

– Dei er veldig talentfulle. Dei er unge, men det dei gjer held høg kvalitet, og eg vart faktisk litt overraska over kor bra og profesjonelle dei var i studio, seier Bjelland.

Tek ikkje av trass suksess

– Det var då me var rundt 13 at me byrja å synga litt og laga songar sjølv og slike ting.

Sjølv om dei har fått mykje publisitet og musikken får mykje skryt, vil dei ikkje gjetta på korleis musikkarrieren kjem til å gå.

– Nei, det får tida visa. Eg trur ikkje me skal gjetta på det no, seier Søllesvik.

Også produsenten trur det er lurt å ikkje ta noko for gitt heilt endå.

– Dei har eit veldig godt utgangspunkt til å bli store, men det er heilt umogleg å føresjå. Dei må jobba hardt og håpa lukka er på deira side, for det har skjedd før at folk med god musikk har falt litt gjennom, seier Bjelland.