NRK Meny

HAUGESUND INTERNATIONAL SCHOOL:

I styremøter denne veka vedtok både Haugaland Næringsforening og Maritimt Forum å løyve 100.000 kroner kvar til ein internasjonal skule på Haugalandet. Dette var dei siste løyvingane som skulle til for at skulen kan starta opp frå hausten av. Skulen vil gjere Haugalandet meir attraktivt for utanlands arbeidskraft, seier leiar i Næringsforeninga, Egil Severeide.