Harrier får forlate Norge

Lasteskipet Harrier har no fått godkjenning for å gå til Tyrkia for opphogging. Det opplyser Norsk Gjenvinning som har jobben med søknader og dokumentasjon for eksport av skipet. Harrier heldt på å lage ei miljøkatastrofe på Jæren, då skipet fekk motorstopp utanfor Obrestad i dårleg ver, og blei liggande få hundre meter frå land.