NRK Meny
Normal

Hårfin bilnedgang på Nord-Jæren

Oljenedturen gjer at Nord-Jæren kan få 193 statlege ekstramillionar til kollektivtiltak i år. Føresetnaden for løyvinga er at det er færre bilar på vegane.

Kø Stavanger E39 motorveien

Det er ennå kø på motorvegen ut av Stavanger i morgon- og ettermiddagsrushet.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Eg som er ute og køyrer kvar dag både i morgon- og ettermiddagsrushet, kan ikkje seia at eg merkar så mykje til at det er færre bilar på vegane, seier drosjesjåfør Arnfin Lindal i Stavanger.

Lindal la merke til at det var litt mindre trafikk då krisa i oljenæringa sette inn hausten 2014 og i året etter. Men nå har bilane blitt fleire igjen.

– Når begynte du å merka det?

– Frå seint ut på hausten i fjor, seier Lindal.

Hårfin nedgang

Det er ikkje vanskeleg å forstå at drosjesjåføren slit med å sjå det store fallet i biltrafikken på Nord-Jæren, for status for fireårsperioden 2013–2016 er ein nedgang på marginale 0,1 prosent.

Gottfried Heinzerling

Gottfried Heinzerling gler seg over mindre biltrafikk.

Foto: Anders Fehn / NRK

Men det er ein godt nøgd samferdslesjef i Rogaland, Gottfried Heinzerling, som informerer om talet. For det betyr at han kan søkja om 193 millionar kroner ekstra til statleg kollektivfinansiering for storbyområdet rundt Stavanger og Sandnes.

– Du har ikkje dradd i tala då, for å få dei akkurat under null?

– Nei, det er ein avtale med staten der me måler biltrafikken på faste punkt i området, og dei tala kan me ikkje fiksa, seier Heinzerling.

Kvalifiserte seg så vidt

Regjeringa har ein ekstra pott pengar dette året, til storbyområde som har lukkast med å overføre reiser frå personbil til kollektivtrafikk.

Føresetnaden er at biltrafikken har gått ned og at kollektivtrafikken har gått opp i løpet av dei siste fire åra.

På Nord-Jæren har dei også lukkast med kollektivdelen, for busstrafikken har auka, om ikkje med meir enn fire prosent i løpet av fireårsperioden.

Portrett av Anna Luise Sunde framforbi jernbanestasjonen i Stavanger

Anna Luise Sunde brukar bussen ofte.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Eg tar buss kvar dag, og eg opplever at det er fleire som tar bussen. I dag var det heilt stappfullt. Det seier Anna Luise Sunde.

Ivelina Cholakova med Breiavatnet i Stavanger i bakgrunnen

Ivelina Cholakova har ikkje eigen bil og brukar bussen jamt og trutt i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Og eg opplever at det er folk som må stå på bussen, fordi det er for lite plass. Slik var det ikkje for to-tre år sidan, seier Ivelina Cholakova. Ho har ikkje eigen bil og brukar ofte bussen.

Varig endring?

Torfinn Ingeborgrud er den leiande politikarane for partiet Dei Grøne i både Stavanger og i fylkespolitikken i Rogaland. Han gler seg over det som har skjedd og reknar med at dette er byrjinga på ei endring som kjem til å halda fram.

– Dette er heilt klart ei endring og me ser nå at fleire større bedrifter seier at dei ikkje treng parkeringsplassar, så lenge dei får etablera seg i nærleiken av eit kollektivknutepunkt, seier Ingeborgrud.

Torfinn Ingeborgrud, MDG, med el-sykkel og hjelm, langs Breiavatnet i Stavanger

Torfinn Ingeborgrud i MDG, meiner at Nord-Jæren står framføre ei varig endring i reisemønsteret.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Om det verkeleg er ei endring som kjem til å fortsetje, er drosjesjåfør Arnfinn Lindal meir i tvil om.

– Det kan vera at me er på veg tilbake til biltrafikken frå før oljekrisa. At det som nå har skjedd berre var ein pause, seier Lindal.