NRK Meny
Normal

Kanon-kanin i norgestoppen

Tilfelle avlar ikkje elitekaninar. Hard trening, både fysisk og mentalt, må til for å kunne hevda seg i hoppe-toppen. Martine Sevlejordet og kaninen Habibi gav alt i noregsmeisterskapen i kaninhopping på Vigrestad i helga.

Kaniner i luftige svev, og med mye hår, kjempet om ære og berømmelse da de konkurrerte i NM for kaniner på Jæren.

Hinderet er høgt, men det set ingen stoppar for konkurransekaninane.

– Å varma opp musklane til kaninen før han skal ut og hoppa banen er viktig, fortel matmor Martine Sevlejordet medan ho gjer den vesle venen sin klar for innsats.

Sevlejordet og den lodne atleten – Habibi entrar oppvarmingsbanen i ein travel idrettshall på Vigrestad. 130 av dei sprekaste i landet sprett om heider, ære og premiering – i kaninhopp-NM.

Fysisk fløyelsmjuke – mentalt knallharde

– Den må vera tøff, og ha ein psyke av stål. Er han ikkje tøff så vil han ikkje hoppa, fortel Sevlejordet.

Treninga er variert, og det er viktig at det skal vera kjekt for kaninen.

– Me trenar stusshopping, går lange turar, og gjev dei masse ros. Dess meir eg rosar dess meir føler han seg flink, seier ho.

Sevlejordet meiner kaninen hennar har både vilje og glede av å konkurrera. Paret har varma opp både fysiske og mentale musklar, og er steinklar for innsats i ei brutal NM løype.

Sjå bilete:

Folk frå heile landet

NM i kaninhopping gjekk parallelt med NM i rasekanin og årets landsutstilling. frå fredag til søndag var Vigrestad Idrettshall travel med hoppekonkurransar, sceneshow, utstilling og kosing.

– Det har kome folk frå heile landet, og me er svært nøgd med arrangementet, fortel Ina Bø frå Jæren og Sandes kaninhopping, som er med og arrangerer konkurransane.

Fokus på innsats

– Når me står ved start så gjev eg han eit lite klaps på rumpa. Då vet han at me er klar og at eg er med han, opplyser matmor.

Habibi er fersk i eliten, og matmor har meir fokus på innsats enn resultat.

– Så lenge han gjer så godt han kan så er eg super-nøgd.

Med nokre uheldige riv på hinderbana, er sigeren utanfor hoppevidde, men ein stolt eigar med sunn sportsand er langt ifrå skuffa.

– Dette gjekk over all forventning! Det er berre hans andre NM, så dette var veldig bra! Kanon-kaninen min.

Flere nyheter fra Rogaland