Hopp til innhold

Har trua på skøytemeistrar frå Rogaland

Sørmarka Arena har gitt skøytesporten i Rogaland heilt nye moglegheiter. Landsslagsjefen trur me vil få sjå ein norgesmeister frå fylket i nær framtid.

Skarli

Landslagssjef, Sondre Skarli, ser at det no er mange skøytetalent i Rogaland, som kan enda opp som Norgesmeistrar.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Det utruleg at eg hamna her. Alle spelte berre fotball, så dette er ein litt spesiell idrett å driva på med, seier skøyteløpar Magnus Dahle.

Han er på skøytetrening i Sørmarka Arena i Stavanger. Ein skøytehall i verdsklasse, som stod klar for berre seks år sidan.

Ole Mikkel Mellemstrand

Ole Mikkel Mellemstrand håpar han kan nå draumen om medaljar i OL og VM.

Foto: Erik Waage / NRK

Skøyteløparar frå Rogaland har fram til no vore ein sjeldan kombinasjon. Men blant dei unge skøyteløparane som susar forbi på bana, er det ikkje noko å seia på ambisjonane.

– Eg har lyst til å etablera meg i verdstoppen, og kjempa om medaljar i OL og VM, seier skøyteløpar Ole Mikkel Mellemstrand.

– Eg håpar på å bli best i verda. Det er det som er målet, seier skøyteløpar Eira Eide.

Føler dei må levera

Og det er i alle fall ikkje fasilitetane i Rogaland som skal hindra dei frå å nå sine mål.

– Me har eigentleg Norges, og kanskje verdas beste hall, seier dagleg leiar i Stavanger og Sandnes skøyteklubb, Erik Dahle.

Hallen var ei gåve til skøytesporten, men i Stavanger Sandnes skøyteklubb kjenner dei også på at dette dreg med seg forventningar.

– Eg føler nok at me har ein liten forplikting for å følga opp, og sørga for at det blir rekruttert fleire skøyteløparar. Og at me viser igjen på landsbasis, ikkje minst på landslaget, seier Dahle.

Verdenscup på skøyter i Sørmarka Arena

Det var god stemning i Sørmarka arena under verdscupen.

Foto: Erik Waage / NRK

Få som kan visa vegen

Landslaget er ofte på besøk i Stavanger, men det har aldri vore prega av løparar frå distriktet. Landslagssjef Sondre Skarli kan ikkje hugsa sist gong ein rogalending dominerte i toppen.

Kor mange Norgesmeistrar på skøyter frå Rogaland kan du namnet på?

– Eg trur ikkje eg kan nokon, seier Skarli.

Og det er faktisk eit poeng. For dersom ein skal nå toppen må ein ha nokon som kan visa vegen.

– Det er ei utfordring akkurat dette med trenarkapasiteten. For å kunna læra vekk teknikk og liknande, må du nesten ha erfart det litt sjølv, seier Dahle.

Satsar på dei unge

Den erfaringen har Mikael Flygind Larsen som har trent talent i Stavanger i 4 år.

– Eg såg at det var moglegheiter til å skapa noko her, seier Flygind Larsen.

Han har vore med på å oppretta skøytelinja på Wang toppidrett i Stavanger, og eit miljø av ungdommar som er villige til å trena mykje.

Det har landslagssjefen fått med seg.

Mikael Flygind Larsen

Mikael Flygind Larsen trener unge talent.

Foto: Erik Waage / NRK

– Dei satsar veldig mykje på rekrutteringa, og gjer ein kjempejobb. Både blant dei yngre og blant juniorløparane ser me at det kjem fleire og fleire gode løparar. Eg trur det berre er eit tidsspørsmål før me kan sjå ein norgesmeister frå Stavanger-området, seier Skarli.

Dei siste åra har kretsrekordar blitt slått i eit rasande tempo. Og han som trenar dei unge talenta seier dei vil jobba hardt for å nå toppen.

– Det er ikkje nokon garanti, men me gjer det me veit må til, og då har eg ei god kjensle av at resultata vil koma, seier Flygind Larsen.

Skøytesporten jublet da Sørmarka arena åpnet for seks år siden i stavanger. Men å bygge opp et bredt skøytemiljø, på et sted som aldri har vært noe skøytemekka, det tar tid