Har tilsett byggeleiarar til Ryfast

Statens Vegvesen har allereie lyst ut fire faste stillingar som byggeleiar til Ryfast-prosjektet. Det skriv Stavanger Aftenblad.

Stortinget har ennå ikkje godkjent bygginga av den undersjøiske tunnelen som skal binda Ryfylke og Nord-Jæren saman.

Ordførar i Forsand og Ryfast-motstandar, Ole Tom Guse, meiner det er gambling å rekna med at tunnelen blir bygd.

Fristen for å søka på stillingane gjekk ut sundag.