NRK Meny
Normal

Har tatt 24 arbeidskriminelle bakmenn

Eit samarbeid mellom fem offentlege etatar har sett fleire arbeidskriminelle ut av drift i Sør-Rogaland. 24 bakmenn er enten sett i fengsel eller sendt ut av landet.

Farlig arbeid på tak

Manglande sikkerheit for arbeidarane er ein av dei tinga A-krim-gruppa har oppdaga hos useriøse byggebedrifter.

Foto: Arbeidstilsynet

– Det er fordi me samarbeider at me oppnår resultat.

Det seier Gro Ellingsen, som er tilsynsleiar i Arbeidstilsynet og talsperson for den nyoppretta A-krim-gruppa i Sør-Rogaland.

Gro Ellingsen, Arbeidstilsynet

Gro Ellingsen er talsperson for A-krim-gruppa i Sør-Rogaland.

Foto: Tora Lind Berg / NRK

A-krim står for arbeidslivskriminalitet, og består av folk frå Arbeidstilsynet, politiet, skatteetaten, kemneren og Nav kontroll.

– Når alle fem etatane set inn alt me har, så klarer me å få dei arbeidskriminelle i kne, seier Ellingsen.

Tøffe tilstandar

Ellingsen fortel om fleire privatpersonar og private bedrifter, som bevisst unndrar seg lovar og reglar. Dei betaler ikkje skatt og avgifter, dei svindlar Nav for trygdeutbetalingar og dei omgår HMS-regelverket.

– Det seier litt om kor stort omfang dette har at me på ni månader i fjor, tok 24 bakmenn, som igjen var involverte i 41 forskjellige bedrifter, fortel Ellingsen.

I løpet av denne perioden har A-krim-gruppa sørga for at desse 24, ikkje lengre kan drive kriminell verksemd. Dei er enten sett i fengsel eller blitt sendt ut av landet.

– Og då flyttar dei seg ikkje berre til ein annan landsdel?

– Nei. Når me seier at dei er ute av sirkulasjon, så er dei det, stadfestar Ellingsen.

Offentlege bygg er også utsette

Varaordførar i Rogaland Fylkeskommune, Marianne Chesak frå Arbeidarpartiet, har bakgrunn frå LO og er svært opptatt av arbeidskriminalitet.

Marianne Chesak

Marianne Chesak er fylkesvaraordførar i Rogaland og representerer Arbeidarpartiet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg har høyrt rykte om at ein eller fleire av desse 24 bakmennene også har vore involvert i byggeprosjekt som Fylkeskommunen står bak, seier Chesak.

Derfor har fylkeskommunen nå vedtatt eit strengt regelverk for å hindre at det skal skje igjen.

Det inkluderer krav om at byggeselskapa må ha lærlingar og at hovudentreprenøren ikkje får bruke meir enn ein underleverandør for kvar av dei arbeidsoppgåvene som skal gjerast.

Det me ser er at desse kriminelle elementa må ryddast vekk for å unngå at det velorganiserte arbeidslivet her i landet heilt skal smuldre opp.

Gro Ellingsen

Oppsøkjer byggeplassar

Gro Ellingsen i Arbeidstilsynet stadfestar at dei arbeidskriminelle bedriftene har vore involverte også i offentlege byggeprosjekt, men ho kan ikkje stadfesta at det gjeld bygg Rogaland fylkeskommune har tildelt anbod for.

LES OGSÅ: Arbeidstilsynet: – Vi har fått et A–lag og et B–lag i norsk arbeidsliv

– Det me ser er at desse kriminelle elementa må ryddast vekk for å unngå at det velorganiserte arbeidslivet her i landet heilt skal smuldre opp, seier ho.

Ein måte kan vera å møte opp fleire dagar i strekk på den same byggeplassen og gjennomføre kontrollar.

– Då går det ikkje mange dagar før dei useriøse bedrifta er ute av den byggeplassen, lovar Ellingsen.