Hopp til innhold

Brann-nabo: – Dette er eit fredeleg nabolag

Politiet står framleis utan ein konkret mistenkt etter dei to brannane i Sandnes natt til onsdag. Brannen spreier uro blant naboane.

Politiet står framleis utan ein konkret mistenkt etter dei to brannana i Sandnes natt til onsdag.

VIDEO: Liao Xiaopeng bur i området i Sandnes der det brann to stader i natt.

Politiet i Sandnes har i dag sjekka overvakingsvideoen frå ein butikk etter dei to brannane i boss-skur Sandved-området i Sandnes natt til onsdag – utan resultat.

– Dei er nok sannsynlegvis påsette, seier etterforskingsleiar ved Sandnes politistasjon, Bjørn Hermansen, til NRK.

Pallebrann i Welhavens vei

Den første brannen starta i ein søppelbod i området Welhavens veg.

Foto: Ronny Hjertås
To brannar i Sandnes

Den andre brannen, på Foren, blei oppdaga av brannvesenet sjølv.

Foto: Ronny Hjertås

Politiet har også gjennomført rundspørjingar i nabolaget – utan å finne nye svar.

Brannane starta i tidsrommet mellom klokka 02 og 02.30. Den første brannen var i ein søppelbod. Brannvesenet oppdaga sjølv brann nummer to, som oppstod i eit søppelskur, og høyrer til bustader like ved.

Bygget blei totalskadd, og ein bil fekk også skadar.

Det var aldri nokon fare for personar i natt, og ingen måtte evakuerast. Men dobbeltbrannen har sett ein støkkar i nabolaget.

– Eg veit ikkje kven som ville gjera noko slikt. Dette er eit fredeleg område, seier Liao Xiaopeng til NRK.