Hopp til innhold

Har meldt truslar til politiet

Gruppeleiar for Ap i Stavanger, Cecilie Bjelland, vedgår at ho har meldt truslar til politiet. Men ho vil ikkje snakka konkret om dei. – Eg er redd for at det er å hella bensin på bålet, seier ho.

Advokat Anne Marie due med Cecilie Bjelland

Cecilie Bjelland, gruppeleiar for Ap i Stavanger, har fått truslar og har meldt frå om dei til politiet.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

– Eg har opplevd situasjonar som ikkje har vore hyggelege og det er eg ikkje åleine om å ha opplevd.

Slik skildrar gruppeleiaren for Arbeidarpartiet i Stavanger, Cecilie Bjelland, det ho har opplevd på trusselområdet.

– Kan du fortelje litt om kva du har opplevd sjølv?

– Det har eg ikkje særleg lyst til. Den eine årsaka er at eg er redd for at det er å helle bensin på eit bål.

Borna var på Utøya

Den andre grunnen til at Bjelland ikkje vil vera konkret har med det som skjedde på Utøya, sommaren 2011. To av borna hennar var til stades. Begge slapp heldigvis unna utan fysiske skader.

– Eg har jo opplevd at ungane mine har vore direkte trua på livet på grunn av deira politiske ståstad.

– Når eg nå sjølv opplever å bli utrygg på grunn av mitt politiske engasjement, og eg opplever at andre i bystyregruppa kjenner det same fordi det er folk som kjem med truslar, så gjer det noko med meg som menneske, seier Bjelland.

Fleire opplever truslar

Yngve Carlsson, spesialrådgiver i Kommunenes Sentralforbund

Yngve Carlsson, spesialrådgivar i Kommunenes Sentralforbund

Foto: Kommunenes Sentralforbund

Det har kome nokre studiar den siste tida, som viser at truslar mot politikarar utgjer eit problem.

Denne våren spurde Kommunenes Sentralforbund samtlege lokalpolitikarar i 40 kommunar om dei hadde fått truslar. Om lag 10 prosent av dei hadde opplevd dette.

I desse dagar kjem ei undersøking blant stortingsrepresentantane, som viser at om lag 1 av 4 av dei hadde blitt redde som følge av truslar.

Måndag fortalde NRK Rogaland at 1 av 5 av 50 sentrale politikarar i Rogaland har opplevd å få drapstruslar.

– Viss dette blir meldt inn til Kommunenes Sentralforbund frå politikarane som eit stort problem og som eit aukande problem, så må me sjå nøyare på dette, seier Yngve Carlsson, som er spesialrådgjevar i KS.

– Når det kjem truslar mot at me som politikarar gir uttrykk for ei meining og står for noko, så er det stikk i strid med det demokratiet me vil ha i Norge. Det skal me ikkje finne oss i, avsluttar Bjelland.