Hopp til innhold

Har lagt kommunesamanslåing på is

Hjelmeland kommune er eit eksempel på kor vanskeleg det er å finna seg ein partnar for samanslåing. Mange kommunar i Rogaland har prøvd, utan hell, dei siste åra.

Hjelmeland

Innbyggjarane vil at Hjelmelandsvågen skal fortsetja å vera sentrum i kommunen deira.

Foto: Trine L. Danielsen

Ordføraren i Hjelmeland tar det ikkje veldig tungt. Tvert om, han er faktisk letta og glad for at forsøket på å slå kommunen saman med Strand og Forsand aldri blei noko av.

Bjørn Laugaland

Senterpartiordførar Bjørn Laugaland i Hjelmeland.

Foto: NRK

– Me har prøvd i over eitt år, og me har spurd innbyggjarane kva dei meiner. Resultatet var eit klart nei og nå har me lagt den saka daud, seier Bjørn Laugaland.

Hjelmeland kart

Hjelmeland grensar til både Strand og Forsand i Ytre Ryfylke.

Foto: NRK

Får det ikkje til

På Nord-Jæren har dei hatt mange møter og mange uformelle forsøk på å finne ei løysing. Ennå har ingen blitt samde.

På Haugalandet er situasjonen den same. Ordførar Arne-Christian Mohn tyr til ei historie for å fortelje korleis det følast.

Arne-Christian Mohn

Arne-Christian Mohn trur ikkje på kommunesamanslåing på Haugalandet før i 2020.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

– Det er med Haugesund som med dei to som hadde vore kjærastar veldig lenge. Endeleg ein dag spurde mannen om det ikkje var slik at "me skulle gifta oss?" Jo, svarte kvinna, men trur du det er nokon som vil ha oss?

Ordførar Mohn må berre innsjå at alle forsøk på å få med Karmøy, Sveio, Tysvær og Bokn har mislukkast.

– Dette får me nok ikkje klart til juli i 2016, men kanskje i 2020, kan det sjå annleis ut, seier Mohn.

Nå har dei hastverk

Regjeringa har sett fristen til 1. juli 2016, for å vera ferdig med å greie ut situasjonen.

Les også: Når ikke tidsfrist for kommunesammenslåing

– Då skal alle kommunar i Rogaland ha hatt møter med nabokommunar og dei skal ha spurd innbyggjarane om kva dei synest, seier Anfinn Rosnes, som er ansvarleg for kommunereform-arbeidet hos Fylkesmannen i Rogaland.

Anfinn Rosnes, Fylkesmannen i Rogaland

Anfinn Rosnes er ansvarleg for å få gjennomført kommunereforma hos Fylkesmannen i Rogaland.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Han fortel at regjering ikkje vil endre tidsfristen, og han gir eit spark til dei kommunane som slår seg til ro med situasjonen slik den er nå.

– Alle kommunane skal også ha greidd ut konsekvensane av å bli ståande åleine. Kva konsekvensar det kan få i framtida må dei ha klart for seg, seier Rosnes.

Lyspunkt i mørket

Rosnes hos Fylkesmannen i Rogaland set si lit til dei tre Jærkommunane, Klepp, Time og Hå. Dei jobbar godt i hop, og skal spørje innbyggjarane til råds den 25 april 2016.

Sør i fylket, i Dalane, er det også positive signal å spore. Der har Eigersund og Sokndal fått i gang ein god samtale og nå har også Lund kommune sagt at dei skal delta i den samtalen.