Hopp til innhold

- Personar på Haugalandet har kontakt med ekstreme islamistar

Det finst folk på Haugalandet som har tett kontakt med ekstreme islamistiske organisasjonar, ifølge Politiets tryggingsteneste (PST).

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

Ifølge PST finst det folk på Hauglandet som har tett kontakt med ekstreme islamistar. PST understrekar samstundes at trusselnivået for terror er lågt i Norge.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Det er både enkeltpersonar og spesielle miljø i Haugesund og omegn som nå blir overvaka av PST.

– Me definerer desse personane som ekstreme islamistar, folk som er villige til å bruka vald og terror for å fremja eit politiske mål, seier Bernt Norvalls, leiar av PST i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Samarbeider med moskeane

PST har utvida rett i forhold til avlytting og overvaking, samanlikna med det vanlege politiet. Norvalls stadfestar at desse rettane nå blir tatt i bruk på Haugalandet. I tillegg til samarbeid og dialog med dei to moskeane i Haugesund.

– Det er veldig viktig å samarbeida med moskeane og imamane i vårt politidistrikt. Vårt håp er at dei gir beskjed dersom dei får inntrykk at av det føregår ekstreme ting, seier han.

Rekrutterte av «jihad-videoar»

PST har den siste tida også vore opptekne av å ha kontakt med rotlaus og søkjande ungdom som kan vera på veg inn i det ekstreme islamistiske miljøet.

– Me ser at såkalla «jihad-videoar» blir distribuerte rundt omkring. Desse viser mellom anna halshogging og sprenging av soldatar i Afghanistan. Nokre lar seg lokka inn i ekstrem miljø på bakgrunn av dette. Dette må me stansa, seier Bernt Norvalls i PST.

PST understrekar samstundes at trusselnivået for terror er lågt i Norge. Nivået er ikkje heva slik det er gjort i Sverige.