Hopp til innhold

Har jobba 30 år som jordmor - ikkje rekna som kvalifisert

Eigersund kommune hevdar dei ikkje har fått kvalifiserte søkarar til ei 50 prosents jordmorstilling i Sokndal, men ei av dei som søkte har jobba som jordmor i 30 år.

Jordmor

Inger Bang Lundø har jobba som jordmor i 30 år, men ifølge Eigersund kommune er ho ikkje kvalifisert for jobben.

Foto: Øystein Ellingsen

– Eg har søkt på den stillinga, og eg lurer på kva kvalifikasjoner eg manglar, seier jordmor, Inger Bang Lundø.

I går kunne NRK fortelja at Eigersund ikkje har fått kvalifiserte søknadar til ei 50 prosents stilling som jordmor i Sokndal.

Sokndal har inngått ein avtale med Eigersund kommune om å kjøpe jordmortenester frå Eigersund. Ifølgje avtalen skal det vera ei jordmor på helsestasjonen i Sokndal ein dag i veka.

Dette skulle ha skjedd innan 1. juli i år, men førebels står kommunen utan jordmor, årsaka er ifølgje Eigersund kommune mangelen på kvalifiserte søkarar.

Har jobba som jordmor i Sokndal

Bang Lundø, som har vore jordmor i 30 år, meiner derimot at ho er ein svært kvalifisert søkar.

– I 28 år har eg vore kommunejordmor i Sokndal. Og etter at dei ikkje trengde jordmor i Sokndal så har eg jobba som kommunejordmor i Sirdal kommune, og har ei 50 prosents stilling på fødeavdelinga i Flekkefjord, fortel ho.

Nina Bolme Steinsholt

Kommunalsjef for helse og omsorg i Eigersund, Nina Bolme Steinsholt.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Ho vil helst jobba i Sokndal, der ho bur. Og ho synst det er uforståeleg at Eigersund kan seia at dei ikkje har fått kvalifiserte søkarar.

– Eg blei veldig paff og overraska. Og eg lurer berre på kva som står i vegen. Eg var til jobbintervju, og då var dei veldig positive, fortel Bang Lundø.

Vil ikkje fortelja kvifor

Kommunalsjef for helse og omsorg i Eigersund, Nina Bolme Steinsholt, vil ikkje utdjupa kva som er årsaka til at Bang Lundø ikkje fekk jobben.

– Eigersund har gjort ei vurdering i saka og har beslutta å ikkje tilsette, utover det kan eg ikkje seia noko meir, seier Bolme Steinsholt.