NRK Meny
Normal

Politiet legg truleg vekk valdtektssakene frå russetreffet i Kongeparken

Politiet i Gjesdal opplyser nå om at dei ikkje har DNA-spor å gå etter i valdtektssakene under årets landstreff for russen i Kongeparken. Dermed går det mot at dei fire sakene blir lagt vekk.

Russetreff i Kongeparken

Politiet har verken mistenkte, eller DNA-spor, etter fire kvinner skal ha blitt valdtekne under russen sitt landstreff på Kongeparken i Ålgård i mai.

Foto: Sri Wichne Pedersen / NRK

Politiet har lenge venta på rapport frå Folkehelseinstituttet, med resultat frå prøvane som blei sikra på valdtektsmottaket etter fire politimelde valdtekter under russen sitt landstreff i Kongeparken i mai.

I dag er det klart at det ikkje finst spor etter mannleg DNA, som politiet kan bygga etterforskinga på.

Dermed er det lite for politiet å gå etter innrømmer lensmann i Gjesdal, Ingrid Eik, til Stavanger Aftenblad.

– Med DNA-spor hadde det vore eit større håp om å oppklara dette. Nå har me lite å gå etter. Me har framleis nokre avhøyr som står att, men det ser ut som om det går mot at sakene blir lagt vekk, seier ho.

Ho understrekar at dette er snakk om ein førebels-rapport, men rapporten konkluderer med at det verken er gjort DNA-funn på kleda, personane eller på åstadane.