Hopp til innhold

Dykkarar har funne mobil og korthaldar til sakna kvinne

Funnet av eigedelane til Elzbieta Parsza, som har vore sakna sidan 1. august, blei gjort i elva på oppsida av Månafossen i Gjesdal.

Leiteaksjon ved Månafossen

LEITEAKSJON: Både frivillige organisasjonar, politiet og ei privat leitegruppa har leita etter kvinna i området rundt Månafossen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Måndag blei det på ny leita etter Elzbieta Parsza, som har vore sakna etter ein fjelltur til Månafossen i Gjesdal kommune laurdag 1. august.

– Me var ute med seks redningsdykkarar frå brannvesenet og politihelikopter, fortel assisterande stabssjef Kjetil Lussand i Sør-Vest politidistrikt til NRK.

Funnet gjort før fossen

Funnet blei gjort på oppsida av sjølve Månafossen. Dei fann mobiltelefonen og korthaldaren hennar i 15.30-tida måndag. Familien er informert om funnet.

Nå jobbar politiet med å planleggja vidare søk.

– Kva betyr dette for det vidare søket?

– Informasjonen om kor funnet er gjort bruker me i planlegginga av nye søk. Me går mellom anna gjennom kart og ser om det er område i elva me ikkje har leita, seier Lussand.

Månafossen

Det var i elva over Månafossen funnet av mobiltelefonen og korthaldaren blei gjort.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Stor leiteaksjon

Politiet skriv i ei pressemelding at det er blitt brukt store ressursar i søket etter kvinna. Både dykkarar, helikopter, dronar og hundar har vore med.

Familien har likevel vore kritiske til at politiet avslutta leiteaksjonen eit snautt døgn etter at kvinna blei meldt sakna. Meir enn ei veke seinare tok politiet opp att søket, saman med frivillige leitemannskap.

Då politiet avslutta søket, heldt ei privat leitegruppe fram arbeidet. Mannen til Elzbieta Parsza er ein av dei som har vore ute og leita etter kona.

– Me er informert om funnet som er gjort, men kjem til å halda fram leitearbeidet. Det har kome ei gruppe på sju personar frå ei polsk fjellredningsgruppe. Desse hjelper til også i leitearbeidet, seier Sveinung Oftebro, som er frivillig operasjonsleiar for den private leitegruppa.

Fleire frivillige har også bidratt i søket, og politiet vil takke alle involverte for innsatsen, skriv dei i pressemeldinga.

selfie ved fossen

Dette bilde blei tatt laurdagen Elzbieta Parsza forsvann. Du kan så vidt skimta Månafossen nedst til venstre i bilde. Familien har identifisert kvinna til å vera Elzbieta Parsza.

Foto: Privat