NRK Meny

Har funne kilovis med amfetamin

Politiet i Haugesund har dei siste månadene nøsta opp i ei narkosak, som truleg er den største dei nokon sinne har vore borti, ifølgje Haugesunds Avis. Politiet har gjort beslag av fleire kilo amfetamin. Så langt er fem personar tekne i Haugesund, Stavanger, Sandnes og på Austlandet. Dei har alle vore i varetekt, men er nå lauslatne medan dei ventar på at saka skal gå til retten.