Det blei mykje merksemd rundt familien Åsbø då dei la ut annonse på Facebook om at dei ville gi ein gratis feriepakke til ein familie som treng det. Dette vil mellom anna sei at dei lånar vekk huset og bilen sin, medan dei sjølv er på ferie i USA.
Av fleire hundre e-postar, facebook-meldingar og telefonar som har kome inn har dei nå bestemt seg for ein familie.
– Dei oppfylte ein del av dei kriteria me hadde sett opp, og dei har barn i skulealder, seier Kristine Åsbø, som er svært nøgd med at ho snart er i hamn med prosjektet.
Dette var biletet familien Åsbø la ut på Facebook.
Foto: Private bilete- LES ÒG:
Mykje opplegg for familien
Familien, som vil vera anonym, er ifølgje Åsbø, svært nøgde med at valet falt på dei.
– Me gler oss på deira vegne, seier Åsbø.
I tillegg til at dei får låna huset, blir det òg lagt til rette for mange aktivitetar for familien. Bedrifter og privatpersonar har sponsa opplegg for dei gjennom heile ferien.
Fleire vil gjera det same
– Det blir mellom anna leikeland, surfekurs, Kongeparken, båttur og fotograf, så dei får oppleve mykje, seier ho.
Saka har ført til voldsomt engasjement, og mange har blitt inspirerte av familien på Nærbø.
– Fleire har sagt dei vil organisera utlån på same måte, så det står att å sjå kva som skjer.
VIDEO: Sjå TV-saka om den gåvmilde familien frå Nærbø.