Målet til stavangerjenta Genette Våge var ei topp fem-plassering samanlagt i verdsmeisterskapet i motocross denne sesongen.
Men alt i årets første VM runde i Qatar 1. mars brakk ho armen, og dermed blei heile sesongen spolert. Etter ein månad med gips fekk ho den endeleg av igjen på Stavanger universitetssjukehus fredag.
– Armen ser så liten ut, eg blir jo heilt sjokka over kor fort eg mistar musklar. Men eg er letta over å få gipsen av. Nå kan eg begynna opptreninga og starta roleg igjen, seier Genette Våge.
Vil bli best
18-åringen satsar alt på å bli best i verda i motocross. Ho er alt best i Norge, og blei kåra til årets motorsportutøvar i fjor. I år har ho satsa på ein ekstra tøff køyrestil. Då veit ho at vegen til sjukehus kan vera kort.
– Eg har trent mykje og køyrd på «limit» og strekt grensene mine ganske mykje, så at skaden kunne skje var eg førebudd på. Kjedeleg er det uansett.
Nå skal ei spesiallagd skinne til armen få fortgang på opptreningsjobben. Skinna blei tilpassa på sjukehuset fredag.
(Artikkelen held fram under biletet).
Håpar å vera klar til fjerde VM-runde
Men sjølv om årets sesong er spolert, kan 18-åringen nesten ikkje venta på å komma tilbake til VM-løypene.
– Eg er veldig gira på å komma tilbake igjen.
Genette reknar å vera på sykkelen igjen om to veker, og håpar å vera klar til fjerde VM-runde utanfor Paris i Frankrike i juni. Det kan passa bra fordi dette er ein av favorittarenaene til stavangerjenta.
VM i motocross går over seks rundar i år. Genette Våge blei nummer 12 i VM i fjor.