NRK Meny
Normal

Legionella har kosta millionar – nå er hallen stengt igjen

– Me har hatt eit legionellaproblem i dette bygget i snart ti år. Kvifor det er slik veit me rett og slett ikkje, seier energiansvarleg i Stavanger eigedom, Espen Svendsen.

Tastahallen

PROBLEM SIDAN 2007: For ni år sidan kom det første legionellautbrotet her i Tasta-hallen. Då blei ein eldre mann sjuk. Etter dette har hallen vore stengt fleire gonger, men ingen har blitt smitta.

Foto: Anders Fehn / NRK

I dag sende Stavanger kommune ut melding om at symjehallen og dusjanlegget i Tastahallen er stengt etter funn av for høge legionellaverdiar.

Sidan 2007, då ein mann blei sjuk på grunn av legionella i Tastahallen, har bakterien skapt svært mykje hovudbry for Stavanger kommune.

– Det er svært alvorleg når me må stenga så mykje. Spesielt for brukarane våre som har bruk for hallen. Det er trist, men me har ikkje mykje val når verdiane er så høge, seier idrettssjef i Stavanger kommune, Arne Tenfjord.

Mellom fem og seks millionar kroner

Tastahallen stengt etter legionellafunn

ARKIV: Dette er eit bilete frå 2013 då Tasta-hallen var stengt på grunn av legionella.

Foto: Anders Fehn / NRK

Mange tiltak har blitt sett i verk for å få bukt med problemet. Selskapet Norkjemi, som skal vera eit av dei fremste kompetansebedriftene innan legionellakontroll, har mellom anna blitt kontrollert.

– Dei siste ti åra har nok problemet kosta kommunen ein stad mellom fem og seks millionar kroner, seier Espen Svendsen, som er energiansvarleg i Stavanger eigedom.

Han fortel at det siste tiltaket som blei sett i drift var eit klordioksidanlegg som kosta litt meir enn 100.000. Anlegget har ikkje fungert slik kommunen hadde håpa på.

– Det har vist seg at du ikkje får bakterien heilt vekk, og sjølv med eit slikt anlegg så må du ha rutinar for å spyla og bruka vatn for å dra kjemikaliar gjennom røyra. Driftsmessig så krev dette svært mykje, seier Svendsen.

Vil vurdera nye tiltak

Nå køyrer kommunen klordioksidanlegget manuelt for å få ned legionellaverdiane, etter dette vil kommunen vurdera nye tiltak.

– Me må sjå på nye tiltak, og ha ein intern diskusjon med Stavanger eigedom, for me kan ikkje ha det slik det er nå. Me må gjera det ytste for at brukarane får brukt anlegget slik tanken var.