Håper på regelendring om beltebruk

– Reglane om beltebruk i bussar er heilt absurde, seier John Terje Nordskog, som er hovudtillitsvalt i Vestnorsk Transportarbeiderforening. Nå lovar Hallgeir Langeland å ta saka opp med samferdselsministeren.

Viss bussjåfører blir stoppa i kontroll med barn uten sikkerhetsbelte, må di betala dyrt. For ein ny lov gjør di juridisk ansvarlige for alle passasjerer under 15 år.

VIDEO: Dersom barn under 15 år kjører buss usikret er det bussjåføren som straffes.

Etter det i år kom nye reglar om beltebruk i buss kan bussjåførar få bot på 1.500 kroner, og to prikkar i førarkortet, dersom barn under 15 år ikkje har på seg setebelte i bussen. Passasjerane som er over 15 år får bota sjølv.

John Terje Nordskog

John Terje Nordskog er hovudtillitsvalt i Vestnorsk Transportarbeiderforening.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Desse reglane har fått bussjåførar rundt om i heile landet til å reagera kraftig.

– Steingalne reglar

– Det er heilt umogleg for bussjåføren å følgja med på 46 sitjeplassar bakover i bussen for å sjekka om alle til ei kvar tid har på seg setebeltet, seier John Terje Nordskog, hovudtillitsvalt i Vestnorsk Transportarbeiderforening.

Han kallar reglane for steingalne. Og sjølv om ingen framleis har blitt straffa for dette, kjempar bussjåførane for å få endra reglane.

Belte i buss

Det er påbod om å bruka setebelte i bussar med fastmontert belte.

Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

– Dersom dette byrjar å bli praktisert vil bussjåføren få to prikkar i førarkortet kvar gong han blir teken. Då skal det ikkje mange turar til før han mistar jobben, seier Nordskog.

– Tenk vidare om det skjer ei ulukke der nokon mistar livet. Då kan ein jo koma i ein situasjon, der bussjåføren kan bli dømd for uaktsamt trafikkdrap. Då får regelverket dimensjonar som er heilt absurde, seier han.

Ein annan ting bussjåførane meiner er lite gjennomtenkt, er at bussane likevel har mange ståande i bussen.

Vil endra lova

Hallgeir Langeland

Hallgeir Langeland (SV) lovar å ta opp beltereglane med samferdselsministeren.

Foto: NRK

Hallgeir Langeland (SV) sit i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Han blei først kjent med regelverket denne veka, og nå gjer han håp til Nordskog og kollegaene hans.

– Slik eg forstår desse reglane må me ha ein gjennomgang om kva konsekvensar det kan få for transportarbeidarane. Og eg meiner me må diskutera dette politisk og gjera ei endring i lova, seier han til NRK.

Han lover å bringa dette vidare til regjeringa, der hans eige parti er representert.

– Eg har nå sett dette opp som eit punkt til eit møte me skal ha med samferdselsministeren, og dei raudgrøne, i morgon, seier Langeland.

– Har tru på endring

John Terje Nordskog har god tru på at politikarane vil endra reglane.

– Alle eg har møtt ser det urimelege i lova og finn den heilt absurd. Derfor har eg god tru på at samferdselsministeren også ser dette og derfor set i verk ei lovtekstendring.

Han meiner at dette også er nødvendig for at bussjåførane skal få ha reglar dei kan leva med.