Hopp til innhold

Håper på ferjesvar før påsken

Høgsfjord rutelag har nå søkt om konsesjon til å halda fram ferjedrifta frå og med opninga av Ryfast. Dei forventar rask handsaming av saka.

MF «Finnøy»

MF «Finnøy» trafikkerer i dag i Høgsfjordsambandet. Staten har opna for privat ferjedrift også etter Ryfast-opninga i 2019. Nå har eit privat rutelag søkt Rogaland fylkeskommune om konsesjon til ferjedrift.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Dei vil ha ei drift på tolv timar i døgnet, og som i dag ønsker dei å ha ferjeavgangar kvar halvtime.

Dette kjem fram i Høgsfjord rutelag AS sin konsesjonssøknad om ferjedrift over Høgsfjorden mellom Sandnes og Forsand kommune. Ei rute som er planlagt nedlagt etter at det gigantiske Ryfast-sambandet, med om lag 20 kilometer undersjøisk tunnel, opnar.

Ønsker ikkje opphald i ferjedrifta

Trass den gigantiske tunnelen trur Høgsfjord rutelag AS at det vil vera nok av bilistar som ønsker å ta ferja til at det vil vera økonomisk forsvarleg å halda fram drifta. I konsesjonssøknaden skriv dei at den private ferjedrifta ikkje vil gi Rogaland fylkeskommune ekstrautgifter.

– Målet er at me skal ha to ferjer på Høgsfjorden før Ryfast opnar i årsskiftet 2019 og 2020 slik at det ikkje blir opphald i ferjetrafikken. Me har forhåpningar om å få eit svar før påsken, skriv pressetalsmann for Høgsfjord Rutelag, Ole Tom Guse.

Ryfast