Hopp til innhold

Ikkje alle tar oska like tungt

Gitaristen i Kvelertak Maciek Ofstad har heimreise-billett frå Island torsdag. Han håper likevel på å bli oskefast.

Maciek Ofstad på Island

Kvelertak gitaristen Maciek Ofstad i Reykjavik håper at den mørke himmelen over han kan gje han nokre dagar ekstra i Island.

Maciek Ofstad var på ferietur på Island saman med kjærasten sin då vulkanen Grimsvötn under isbreen Vatnajökull vakna til live laurdag.

– På fredag køyrde me rett forbi området kor vulkanen braut ut, men sidan det var storm kom me oss vekk, fortel Ofstad.

– God stemning

Han seier at dei etter planen skulle vore like sør for Grimsvötn då den braut ut, men at dei reiste til Reykjavik på grunn av uvêret.

Dei bur nå på eit hostell i hovudstaden saman med mange oskefaste, men stemninga er god seier han:

– Folk tar dette med humør. Det er eigentleg ganske løye at dette skjer medan me er her. Det er det jo i utgangspunktet liten sansynlegheit for.

Ingen konsekvensar for Kvelertak

Sjølv har han heimreise-billett på torsdag, men har ingenting imot om han må bli lenger:

– Eg håper på å bli oskefast slik at eg kan sjå litt meir av dette landet, for Island er fantastisk, seier han.

Og så lenge han er tilbake innan 9. juni får det ingen konsekvensar for Kvelertak at dei har ein oskefast gitarist på Island.

Håpet til Ofstad om å bli verande lenger på Island enn planlagd er likevel ikkje særleg stort, for ifølgje Islandske medium vil Keflavik bli opna for trafikk allereie i kveld .

Ofstad vil i alle høve møta opp på flyplassen for å sjekka.

– Me har gitt opp å prøva å få skikkeleg informasjon om situasjonen frå flyplassen. Det einaste me veit er at me ikkje veit nokon ting. Vinden spelar visstnok ein rolle, seier Maciek Ofstad som storkosar seg på Island saman med kjærasten sin.

Kvelertak

For Kvelertak har det ingen konsekvensar så lenge Maciek Ofstad kjem seg tilbake innan torsdag 9. juni.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK