Hopp til innhold

Hanasand ferjekai erstattar Mekjarvik i dårleg vêr

Frå 2017 vert ferjeturen over Boknafjorden ved dårleg vêr vesentleg kortare. Vegvesenet skal bytte ut Mekjarvik og nytte Hanasand som reservekaj.

Problemer med ferjelemmen på Mekjarvik

I framtida skal ferja over Boknafjorden gå mellom Arsvågen og Hanasand når det er dårleg vær.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Vi leiger ferjekaien for å kunne gi eit betre tilbod til trafikantane når vêret er så dårleg at ferjene ikkje kan gå til Mortavika, seier avdelingsdirektør Astrid Eide i Statens vegvesen.

Statens vegvesen og Rennesøy kommune er einige om at vegvesenet får leige
Hanasand ferjekai som beredskaps- og liggekai i åtte år frå 1. juli 2016, med mogleg forlenging i fem år til. Statens vegvesen betaler 690.000 kroner i året i leie for ferjekaien.

– Betre ly for vinden

Når Mortavika i dag er stengt på grunn av dårleg vêr går ferjene til Mekjarvik. I framtida kan dei gå til Hanasand når Mortavika er stengt.

– Hanasand gir betre ly for vinden og bølgjene er mykje mindre inn mot Hanasand. Turen frå Arsvågen til Hanasand er betydeleg kortare enn til Mekjarvik, seier Eide.

Reisetida til Hanasand er nær halvparten at turen til Mekjarvik, noko som kan gje betre ferjefrekvens ved dårleg vêr samanlikna med det Vegvesenet klarer til Mekjarvik i dag.

Kaien på Hanasand treng oppussing

Avtale gjeld frå 1. juli, men kaien treng ei omfattande oppgradering før ferjer i sambandet E39 Mortavika-Arsvågen kan legga til på Hanasand.

Frå 2019 blir det fire ferjer, pluss reserveferje, i sambandet Mortavika-Arsvågen. Det gir eit
auka behov for fleire liggeplassar.

– Hanasand blir eit viktig supplement til Mekjarvik som er permanent beredskapskai. Dette er også ei ein grunn til at avtalen mellom Statens vegvesen og Rennesøy kommune er viktig, seier Eide.

Kø i Mekjarvik

Det skal kunne gå fleire ferjer frå Hanasand enn det i dag gjer frå Mekjarvik.

Foto: Odd Rune Kyllingstad