NRK Meny
Normal

Jonas (16) vil tilbake på «Wyvern»

Sjølv om seglbåten han var på forliste, og ein mann omkom, har Jonas Reinertsen eit mål om å segla med «Wyvern» på ny. Og det er mange som kjempar for å gjera målet hans mogleg.

Jonas Reinertsen

STAVANGER: Jonas Reinertsen (16) frå Stavanger er heime etter Tall Ships' race fekk ein brå ende for han i går.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Sjöfartsverket sine bilete av Wyvern

Sjöfartsverket tok dette bilete av den norske seglbåten «Wyvern» før den gjekk under mellom Öland og Gotland i Sverige. Båten er med i regattaen Tall Ships' race, og det var på etappen mellom Aarhus og Helsinki den gjekk ned.

Foto: Sjöfartsverket

– Det er heilt forferdeleg at ein mann omkom, seier 16 år gamle Jonas Reinertsen, frå Buøy i Stavanger.

Han var frivillig mannskap på seglbåten «Wyvern», som ligg på botn av Østersjøen, etter den gjekk ned under regattaen Tall Ships' race, på etappen mellom Aarhus og Helsinki, tidleg i går.

Det var nederlandske Koen Van Gogh som gjekk ned med båten og drukna. Han var ein av tre som gjorde eit siste forsøk på å berga «Wyvern», etter Jonas, og resten av mannskapet, allereie var i tryggleik.

Vel tilbake i Stavanger, etter si første natt med svevn på 24 timar, har Jonas nå fått tid til å tenka på alt som har skjedd etter dei oppdaga at båten tok inn vatn tidleg torsdag morgon.

Sjå video: Her der dei siste bileta frå «Wyvern»

Både politikarar, næringsliv og privatpersonar engasjerar seg for å sikra at Stavanger Wyvern blir heva og restaurert. Den gamle museumsbåten forliste utanfor Sverige i går, og ligg nå på 50 meters djup.

SJÅ VIDEO: Dette er truleg dei siste filmsnuttane som er tekne frå «Wyvern», før den gjekk ned.

– Blanda kjensler

– Eg har mange blanda kjensler. Det er sjølvsagt godt å vera heime, men det er veldig trist med han som omkom, og med båten som gjekk ned, fortel han.

Han skulle leggja seg etter å ha hatt vakt heile natta.

– Det var høg sjø, men langt under det båten kan tola. Då eg skulle legga meg var senga litt fuktig på grunn av at det kom vatn inn ei luke, det var likevel så lite at me ikkje brydde oss. Derfor flytta eg meg over til ein sofa, seier han.

Men kort tid etter gjekk alarmen på lensepumpa.

– Dette fortalde oss at det hadde kome inn så mykje vatn at lensepumpa ikkje klarte å få ut alt.

– Eg blei ikkje redd

Dermed starta dei motoren, for å prøva å få i gang den andre lensepumpa, men den ville ikkje fungera.

– Me har generator om bord, men det kunne sjå ut som om det var noko gale med stikkontaktane, fortel han.

Alle hadde på dette tidspunkt kome seg opp på dekk med redningsvestar.

– Eg kan ikkje sei eg blei veldig redd, for eg følte at alt var under kontroll, og skipperen gav gode beskjedar. Eg har vore eit par gonger på seglbåt tidlegare, men eg er vant med andre type båtar, og var roleg, fortel han.

Han fortel vidare at han aldri hadde trudd båten skulle forlisa. Noko den seinare gjorde. Det skjedde like etter klokka halv ti torsdag morgon. På dette tidspunkt var Jonas og mannskapet på ti flydd til fastlandssverige.

Tre mannskap frå båten «Wylde Swan», som også var med i regattaen, hadde gått om bord for å prøva å berga den. To hamna i sjøen og blei berga då «Wyvern» gjekk ned, medan nederlendaren Koen Van Gogh ikkje klarte seg.

Trass det dramatiske som skjedde, er ikkje Jonas skremd.

– Ikkje i det heile. Dersom «Wyvern» blir heist opp, og fiksa opp, slik det er snakk om, så har eg eit mål om å segla på båten på ny, avsluttar den uredde 16-åringen.

Lover pengar

Og det er ein stor sjanse for at Jonas får oppleva dette, mange engasjerer seg nemleg i å få «Wyvern» tilbake.

I løpet av dagen har fleire kontakta Stavanger maritime museum for å bidra til at colin archer-skøyta blir heva. Noko som gler fungerande direktør ved Stavanger maritime museum, Bitten Bakke.

– Me har fått ei utruleg draghjelp. Både frå eigarane av Rogaland fylkeskommune og frå Stavanger kommune. I tillegg har næringslivet og privatpersonar stilt opp. Dette gir oss energi til å halda fram, seier Bakke.

Wyvern

ARKIV: Her har hadde «Wyvern» nett vunne regattaetappen frå Lerwick til Stavanger under Tall Ships' race 2011.

Foto: Marianne Terjesen / NRK