NRK Meny
Normal

Han håpar Trump blir USA sin neste president

Arvid Mosnes frå Hjelmeland har trua på at Donald Trump kan redda USA frå total øydelegging. No bur Mosnes i USA, men dersom Hillary Clinton vinn, flyttar han til Island.

Arvid Mosnes

Arvid Mosnes følgjer valkampen frå Colorado i USA. Han har stor tru på at Trump kan bli ein bra president.

Foto: Privat

– Eg ser på han som vårt einaste håp for å kunne snu denne trenden med ein destruksjon og øydelegging av både USA og den vestlege verda, seier Arvid Mosnes om republikanarane sin presidentkandidat, Donald Trump.

Mosnes kjem eigentleg frå Fister i Hjelmeland, men no er han busett i Colorado i USA, og der følgjer han godt med på valkampen.

Han likar Trump, fordi han ikkje er ein tradisjonell politikar.

– Han er ikkje perfekt. Men han er ein som går imot det politiske etablissementet, seier Mosnes.

– Kan ikkje beroliga makteliten

Her heime har Trump fått mykje merksemd for fleire kontroversielle utsegn. Det har fått mange til å bli uroa over kva som kan koma til å skje, dersom Trump skulle enda opp som president. Sist ute var utanriksminister Børge Brende.

Kan du seia noko for å roa dei som er redde for at han blir president?

– Eg kan aldri beroliga politikarar, og makteliten. Dei er livredde no. Dei ser at det er ein oppkomling som ikkje har politisk bakgrunn, som snakkar frå posen, og som dei ikkje kan kontrollera. Så lenge dei ikkje kan kontrollera han så er dei redde han, seier Mosnes.

Men Mosnes meiner at ein det av utsegnene til Trump har blitt framstilt verre enn dei eigentleg er.

– Ingen er perfekte. Men det som Trump har blitt blir vridd om på i media. Når folk les avisa er det med journalisten sine input og tolkningar. Det har blitt vridd dithen at folk blir redde, seier han.

Flyttar til Island

Kva om Hillary Clinton vinn valet?

– Nei, då veit eg ikkje kva eg gjer. Kanskje det då blir Island. Der kasta dei regjeringa, og der sette dei banksjefane i fengsel. Så det er i grunnen det einaste landet eg ser for meg.