Hopp til innhold

Han gav sonen snø til tiårsdagen

Heine Rott er kan hende landets gladaste tiåring. Faren Håvard gav ham nemleg ein hage full av snø, snøballkrig og akebrett i bursdagsgåve.

Håvard Rott

SNØFRELST: Håvard Rott frå Tananger er lei av vintrar utan snø i låglandet. Nå har han skaffa seg ein eigen snøkanon til bruk i hagen. Så nå får sonen snøbursdag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Dette blir sjukt gøy! seier Heine Rott (10) oppspilt, før han og kameratane kastar seg ut i snøen.

Ein tiårsdag blir neppe betre enn dette. Ungane hyler og ler i det dei kastar snøballar på kvarandre.

Men det har eigentleg ikkje snødd på Tananger i Sola. Snøen i hagen til Heine kjem frå snøkanonen som faren Håvard Rott kjøpte inn for anledninga. Faren er nemleg lei vintrar utan snø på vestlandskysten. Snøkanonen har vore i drift sidan i går slik at Heine skulle få snø til tiårsbursdagen sin.

– Eg ville gjera noko heilt nytt og annleis. Det er så sjeldan snø her, slik at det å ha snø i hagen om vinteren er stor stas for barna. Og når barna har det kjekt, så har også far og mor det kjekt, seier han.

Den beste bursdagen

Og barna – dei har det kjekt.

– Dette er den beste bursdagen eg har hatt, seier Heine nøgd, mens han sit godt planta i snøen.

Ein av kameratane stemmer i:

– Og ein av dei beste eg har vore i!

Artikkelen hald fram under videoen.

Fekk snø i gåve.

For far er konklusjonen klar: Dette var vel brukte pengar.

– Dette var fantastisk, over all forventing. Verdt kvar krone. Det er jo nesten like kjekt for meg som for ungane, seier Håvard Rott.

Prøvde å halde tett

Faren er svært glad for at han kunne gi sonen snø i bursdagsgåve.

– Han hylte då eg sa kva han skulle få til bursdagen for eit par veker sidan. Eg måtte be han dempa seg, for planen var at verken mora eller klassekameratane skulle få vita om det, fortel han.

Men det var vanskeleg å halda tett om snøbursdagen. Så overraskingsmomentet blei ikkje så stort, men gleda med å leika seg i snøen blei ikkje mindre av den grunn.

Hos Rott i Tananger

EINASTE MED SNØ: Håvard Rott liker godt å vera den einaste i gata som har snø i hagen. Dette bilete er teke om lag halvvegs ut i produksjonen av bursdagssnøen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kjøpte på nettet

Han har nemleg lenge hatt lyst på ein snøkanon.

Snøkanon i hage

Snøkanonen har vore i drift tysdag kveld og onsdag ettermiddag for at Heine skulle få snø til bursdagen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg har slite med å finna ein snøkanon til heimebruk, men i fjor byrja eit norsk firma å importera denne frå USA, og då gjekk det ikkje lang tid før eg bestilte, seier han.

Den koplar han til vatn og luft, så står den og sprutar ut vassdropar som frys til is. Heilt sidan i går har Rott produsert snø til tiårsdagen, men det har likevel ikkje blitt meir enn til hagen framføre huset.

Sjølv om det durar litt, bryr ikkje Rott seg om det.

– Det kan hende at naboane ikkje liker det så godt, men det er jo berre ein gong i året, seier han og ler.