NRK Meny
Normal

Kven er den sterkaste mannen i Rogaland?

For første gong i historia blei «Rogalands sterkaste mann» arrangert på Nærbø.

Strongman Rogaland.

VIDEO: Sjå videoreportasje frå konkurransen «Rogalands sterkaste» på Nærbø laurdag.

13 mann var med i kampen om å bli kåra til fylkets sterkaste. Seks øvingar, blant anna velting av dekk og markløft, måtte til får å kåra vinnaren.

– Alle som ville kunne prøva seg. Her fekk ein testa styrke, eksplosivitet, kor rask ein er og uthaldenheit. Den som kom best ut av dette, vann, forklarer stemneansvarleg Mattis Bjorheim.

Kim Ollestad (21) frå Sandnes vann konkurransen. 2.-plassen gjekk til Morten Aamodt (21) frå Klepp og 3.-plassen til Mattis Bjorheim (20) frå Nærbø.

Konferansier var Arild "Hulken" Haugen og om lag 500 publikummarar møtte opp for å sjå dei ulike øvingane på Nærbø i dag.

– Konkurransane skal vera publikumsvennlege. Det går raskt og det er om og gjera at det ser tungt ut. Me er veldig fornøgde med oppmøte, seier Bjorheim.

Det var Gymmen treningssenter på Nærbø som var arrangør.