Hopp til innhold

Han er ein av Gud sine lærlingar

I dag blir Mikal Muff (21) sitt liv på bibelskule TV-underhaldning for heile landet.

Mikal Muff

DOKUMENTARSERIE: 21-år gamle Mikal Muff gjekk i fjor på Acta Bibelskule i Stavanger. NRK har følgt han og fire andre bibelskuleelevar gjennom året.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I ein serie på seks episodar, som skal sendast på NRK1, kjem ein tett innpå fem kristne ungdom på bibelskulen Acta i Stavanger.

Ein av desse er Mikal Muff (21) som kjem frå Karmøy.

– Dei som laga programmet sa dei ville laga om litt annleis ungdom, men me er jo berre oss sjølv. Dei sa me var eksotiske, utan at eg veit kva det betyr. Men eg synst det blei eit fint program, med fin vinkling, seier Muff dagen før premiera.

Det er eitt år sidan innspelinga blei avslutta, så han ser fram til at det endeleg skal koma på TV. Og han er glad for at det blir sett fokus på korleis det er å vera ung kristen i dag, og ikkje minst kva det vil sei å gå på bibelskule.

Sjå traileren:

Denne dokumentar-serien starter skjærtorsdag.

GUDS LÆRLINGER: I serien som har premiere på skjærtorsdag blir me kjende med Mikal, Kristin, Rebekah, Malene og Gayan, og me blir med på reisa deira og utviklinga som Guds lærlingar.

– Eksistensielle spørsmål

– Det er ikkje alle som veit kva ein bibelskule er. Dei lurer på om det er ein slags folkehøgskule, eller ein skule der ein berre lærar om bibelen, seier Muff.

Thomas Wilhelmsen, som er leiar for Acta Lovsangsskule forklarar.

– Det er ein skule for ungdom som vil ha eit litt annleis år, der dei vil ta tak i dei meir eksistensielle spørsmåla, seier han.

Sjølv om det er færre og færre som går i kyrkja, fortel han at det står bra til med bibelskulen.

– Det blir fleire og fleire som går på bibelskule. I år er det om lag 1000 ungdommar som går på bibelskule rundt om i landet, seier Wilhelmsen.

– Det var spesielt

For Muff var det veldig spesielt å ha eit kamerateam med på slep når han gjekk på skulen.

– Alt er litt kleint og du veit ikkje korleis du skal oppføra deg. Du ser inn i kamera heile tida. Men etter kvart så blir det heilt greitt og du forstår litt betre korleis kamerafolka tenker, og då blir det mykje lettare og du klarer å oppføra deg meir normalt, seier han.

– Kva har du lært med å gå på bibelskule?

– Eg blei først og fremst betre kjent med meg sjølv, og på ein måte er det eit år som gjer at du stiller sterkare til å møta resten av livet. Eg kunne i alle fall ikkje vore utan det, avsluttar Muff.