Hopp til innhold

Han er akkurat gamal nok til å køyre buss

Draumen har vore å køyre buss heilt sidan han var seks år gamal. No er 18 år gamle Roberto Nordbø Henriquez ein av landets yngste bussjåfør-lærlingar.

Roberto Nordbø Henriquez

Då prøveprosjektet sette ned lærlinggrensa frå 21 til 18 år, greip Roberto Nordbø Henriquez moglegheita.

Foto: Ine Eftestøl/NRK

– Eg likar å køyra, og å treffa folk, seier Roberto Nordbø Henriquez (18).

Det er få månader sidan han fekk førarkort for bil. No er han inne i si tredje veke som bussjåfør, og dette er noko han har drøymt om lenge.

– Som seksåring var eg med mamma på jobb, då ho vaska Haukeliekspressen i Haugesund. Eg sat i førarsetet medan ho vaska, og opna og lukka dørene for ho, seier han.

Trond Døskeland

Trond Døskeland held bussjåfør-lærlingen under oppsyn.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Følger med frå passasjersetet

– Eg var nervøs då eg fekk vite at han var 18 år. Nokre gonger, når eg har lært opp nye bussjåførar, har eg haldt meg fast og vore kvit i fjeset, seier bussjåfør Trond Døskeland.

Men med Nordbø Henriquez i førarsetet, er ikkje fjeset kvitt. Trond Døskeland har tett oppsyn med lærlingen sin, og nyt ein kaffikopp frå setet sitt.

– Han køyrer veldig bra. Eg kan slappa av, seier han.

Sette ned aldersgrensa

Opplæringskontoret for Transportfaga i Vest vil ha fleire lærlingar inn i yrket.

– Prøveprosjektet for busslærlingar starta i 2012, etter innspel frå fleire transportselskap, NHO og Transportarbeidarforbundet, seier Siv Madsen på opplæringskontoret for transportfag vest.

Prosjektet med busslærlingar og 18-årsgrense, mot 21 år tidlegare, skulle gå over tre år. Det betyr at det etter planen skulle avsluttast i år. Men Madsen håper og trur det vil halda fram.

– Unge lærlingar er viktig for bedriftene. Når dei byrjar, får bedriftene sjølve forme dei. Det gjer dei til optimale arbeidstakarar, seier ho.