Hopp til innhold

Lager juleselskap av gjestene sine matrestar

Jula er høgtid for kjøp og kast av mat. Roger Veland inviterer venner til selskap i jula og ber dei ta med seg alle restane frå kjøleskapet.

Roger Veland - portrett

RESTEMAT BLIR NY MAT: Kvar romjul inviterer Roger Veland venner til restejuleselskap. På menyen står nye rettar av gjestene sine rester frå jula.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– 2. juledag kvart år samlar vi mange venner og kjente og kallar det restefest. Då kan alle ta med seg matrestane frå kjøleskapet, seier Roger Veland.

Han er souschef på Scandic Maritim hotell i Haugesund. Men du treng ikkje vere kokk for å redde julematen.

– Eg anbefaler alle å lage restefest. Finn inspirasjon på nett og lag tapas. Du blir flink til å lage mat når du prøver deg fram, seier han.

Redde for å gå tomme i romjula

I desember bruker vi 25 milliardar kroner på daglegvarer, ifølge ein prognose frå hovudorganisasjonen Virke. Det er 4690 kroner per person og 24 prosent meir enn dei andre månadene i året.

Det betyr at vi kastar meir mat enn elles.

Anne Marie Schrøder, kommunikasjonssjef i Matvett

HAMSTRAR: Folk hamstrar mat til romjula fordi dei er redde for å gå tomme, seier kommunikasjonssjef i Matvett, Anne Marie Schrøder.

Foto: Matvett

– Vi veit at folk kastar meir mat i forbindelse med høgtider og særleg jul, seier kommunikasjonssjef i bransjeselskapet Matvett, Anne Marie Schrøder.

Frykt for å gå tom for mat, og julegåver av mat er nokre av grunnane.

– Vi handlar meir mat, vi lagar meir mat, og vi gir vekk mat, seier ho.

Råder folk til å rydde i kjøleskapet

Vi kastar 400.000 tonn mat i året. Meir enn halvparten av matsvinnet kjem frå hushaldningar, ifølge Østfoldforsking som har forska på matsvinn i Noreg.

I ein rapport som blei publisert i november står det at folk i størst grad kastar mat fordi dei ikkje har oversikt i kjøleskapet sitt, og fordi dei ikkje bruker opp maten før dei kjøper ny.

Eit ryddig kjøleskap og planlagte handleturar kan minske matsvinnet i jula, meiner Schrøder.

– Kjøp mindre enn du trur du treng. Det blir alltid nok mat, seier ho.

Reddar mat på jobben

Roger Veland reddar også mat når han er på jobb.

Julebufféen frå helga har blitt til jordskokksuppe med pinnekjøtt, og steamed buns med ribbe.

Til stor glede for kolleger på kjøkkenet.

– Det er mykje betre enn at maten går i søpla, seier han.