Fryktar hamnespy skal spreia seg med hummarteinene

Mange har gledd seg til hummarfisket som startar i dag. Men i Bergen, Haugesund og Stavanger set hamnespy ein dempar på hummarfesten.

Tor Bernhard Harestad

Leiar i Sør-Rogaland fiskelag, Tor Bernhard Harestad, meiner at hummarfiskarar som bryt tilrådingane frå kommunen sagar av greina dei sjølv sit på.

Foto: Håkon Jonassen Norheim / NRK
CO₂ i atmosfæren
416,7 ppm
1,5-gradersmålet
+1,0°C
Les mer  om klima

Jakta på havets svarte gull er i gong. Ein gledeleg dag for mange som ønskjer hummar på tallerkenen.

Men det blir ikkje lika gledeleg som det pleier. Starten på eventyret kunne absolutt vore betre for fiskarane på Vestlandet.

For nede på havbotn ligg hamnespyet. Det pressar ut plantar og dyr som er avhengige av kvarandre. Og det er nærmast umogeleg å bli kvitt.

Og det gir konsekvensar for hummarfisket.

Hummarteiner kan bli infisert

For både i Haugesund, Stavanger og Bergen er dei redde for at hummarfiske skal spreie hamnespyet. Og i enkelte område har fiskarane blitt bedne om å ikkje fiske etter hummar.

Cathrine Stabel Eltervåg

Naturforvaltar i Stavanger kommune, Cathrine Stabel Eltervåg, oppfordrar båteigarar i nærleiken av kjente hamnespy-koloniar å halde båten og utstyret sitt reint.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Eit av områda er ved Engøysundet i Stavanger, der det først vart bekrefta hamnespy i kommunen.

– Størrelsen og anbefalingane kan bli endra etter kvart som me får meir kunnskap. Dette er ein føre-var situasjon fordi me ønskjer ikkje at dette skal spreie seg, seier Cathrine Stabel Eltervåg som er naturforvaltar i Stavanger kommune, og legg til:

– Det me er uroa for er at utstyr, til dømes hummarteiner, kan bli infisert. Og når ein så tek dei opp og fiskar andre plassar, så blir det ført vidare, seier Cathrine Stabel Eltervåg.

Innanfor det markerte området i kartet ber Stavanger kommunen på det sterkaste at det ikkje blir fiska med teiner, ruser eller garn.

Kan øydeleggje for andre

Leiaren for Sør-Rogaland fiskelag, Tor Bernhard Harestad, synest det er heilt greitt med frårådinga, og at det eventuelt kan bli forbodsområde etter kvart.

– For det er jo forferdeleg viss ein skal spreie dette her rundt alle vegar.

Han ber fiskarane om å ta omsyn.

– Det er lett å spreie dette, og då er det lettare å berre la vere å fiske i dei områda. Viss ikkje øydelegg ein for alle andre, og ikkje minst seg sjølv.

Tor Bernhard Harestad, leder Sør-Rogaland fiskelag

NRK møtte Tor Bernhard Harestad dagen før hummarfiske. Han har alle teinene klar til å setja uti.

Foto: Håkon Jonassen Norheim / NRK

Liv i havet kan bli kvelt

Hamnespyet trivst godt overalt i havet. Og førebels veit ein lite om arten.

– Men det blir forska på og blir overvaka for å finne ut korleis det veks. Men det viktigaste no er å stoppe spreiinga, seier Lene Røkke Mathisen, som er miljøvernrådgjevar og landbruksansvarleg i Haugesund kommune.

Aktsemdområdet i Haugesund kommune. Her oppfordrar kommunen fiskarar på det sterkaste til å ikkje fiske med teiner, ruser eller garn.

Frykta er at spreiinga av hamnespy kan gje store biologiske og økonomiske konsekvensar.

– Dei lagar teppe som dekker over alt anna, og då vil andre fiskar og liv på havbotn bli kvelt. Det me er redde for her er oppdrettet. Det kan dekke til og øydeleggje gjennomstrøyminga av vatn, som igjen får konsekvensar for næringa og påverke det økonomiske aspektet, seier Mathisen.

Håpet er ikkje ute

Men sesongen kan reddast for fiskarane i Stavanger, Haugesund og Bergen. For det er framleis område der det fint kan fangast hummar i.

Og om du kjem over hamnespy sjølv så kan du faktisk prøve å fjerne det sjølv, fortel Mathisen.

Havnespy

Ein god ting er at hamnespyet ikkje klarer å spreie seg så langt på eiga hand.

Foto: Anne Mari With Ottesen

– Det er to ting hamnespyet ikkje toler, og det er ferskvatn og luft. Så spyl det og fjerne det over på land.

– Kva er den aller viktigaste forholdsregelen?

– Det er å aldri ta det ut i havet igjen.

Og kommunen er i dialog med profesjonelle aktørar.

– Me har dialog om vidare kartlegging og overvaking av hamnespy, og iverksetting av tiltak.