NRK Meny
Normal

Ho var på jobb i sjukehuset – så kom ein mann inn og skaut mot henne

For tre veker sidan kom ein mann inn på akuttmottaket på Stavanger universitetssjukehus og skaut med pistol mot Sarah Linnea Voll. Ho er framleis litt skjelven, men tilbake i jobben bak skranken på akuttmottaket.

To fengselsbetjenter tok kontroll da en mann skjøt med pistol mot ansatte på akuttmottaket i Stavanger. Det skjedde i november. Idag ble heltene hedret på sykehuset.

VIDEO: I videoen treff du helsesekretær Sarah Linnea Voll og dei to fengselsbetjentane som var i venterommet då ein mann kom inn med våpen og skaut.

Laurdag 22. november klokka seks om kvelden. Så langt hadde dette ikkje vore ein dag utanom det vanlege på akuttmottaket på Stavanger universitetssjukehus. I skranken sat helsesekretær Sarah Linnea Voll saman med kollegaene sine. Det hadde nett kome inn to fengselsbetjentar, dei hadde med seg ein fange som skulle leggast inn på sjukehus. Papira hans var levert i skranken, så nå skulle dei berre venta litt i sofagruppa like ved.

Så kom ein psykisk sjuk mann inn i lokalet og bort til skranken.

– Snur seg og siktar mot meg

– Han gav uttrykk for at han ville ha hjelp, fortel Voll.

Dei prøvde å forklara at han kunne få hjelp, men han snudde seg og gjekk vekk tilbake mot døra.

– Medan eg ser på at han går så snur han seg og siktar med eit våpen på meg. Eg kastar med ned under arbeidsbenken og han skyt mot meg, fortel helsesekretæren.

Veggen ho kasta seg bak er laga av gips, og skotet har gått rett gjennom.

– Det må ha passert over eller under meg, forklarar Voll. For ho var ikkje treft.

Men nå ligg ho bak veggen og veit at det er ein mann med eit ekte våpen på andre sida som nett har skyte mot henne.

– Eg tenkte på fengselsvaktene som sat i venteavdelinga, eg håpte og trudde at dei hadde teke seg av mannen sidan eg ikkje høyrde fleire skot.

Ho kraup på golvet inn til pasientrommet, her hadde også dei andre kollegaene hennar kome seg inn.

– Gjekk inn i overlevingsmodus

Fengselsbetjentar tilbake på SUS

Fengselsbetjentane Torfinn Eiane og Bente Fuglestad tilbake på SUS.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Dei to fengselsbetjentane var ein Torfinn Eiane og Bente Fuglestad som jobbar på Åna fengsel. Han har 20 års erfaring, medan ho eigentleg er student og jobbar deltid i fengselet.

– Eg hugsar eg sat i sofaen og såg TV2-nyheitene då eg høyrde eit forferdeleg smell. Eg gjekk inn i ein overlevingsmodus og kasta meg bak ryggen på sofaen, frå denne posisjonen prøvde eg å følgja med på kva hans neste trekk var, seier Eiane.

Fuglestad såg mannen trekka opp pistolen og reiste seg opp, etter dette hugsar ho ikkje heilt kva rekkefølgje ting skjedde i.

– Eg hugsar at han såg meg inn i augo, sidan eg hadde uniform var eg redd for kva veg dette skulle slå. Men eg hadde forstått at mannen ville ha hjelp, og på eit tidspunkt sa eg til han at han skulle få hjelp, fortel ho.

Mannen slapp pistolen i bakken.

– Då gjekk eg over i ein meir rasjonell modus, eg fekk sparka pistolen vekk frå mannen, fortel Eiane.

Begge to gjekk då mot han og fekk pressa han opp i eit hjørne. Dei fekk han til å ta av seg jakka og tømma lommane.

– Eg tenkte plutseleg på at me er jo her med ein innsett, og det ligg eit våpen i lokalet. Så eg gjekk på eit tidspunkt og plukka opp pistolen og putta den i lomma, fortel Fuglestad.

– Heldigvis var den innsette veldig samarbeidsvillig, seier Eiane.

SKyting på SUS

Politiet var på plass kort tid etter skyteepisoden.

Foto: MAgnar Larsen

Takksam for at fengselsbetjentane var der

Inne på pasientrommet stod Voll med gipsstøv på kleda. Det banka på døra frå venterommet.

– Eg veit ikkje kvifor, men eg opna. Der stod fengselsbetjentane og gjerningsmannen, fortel ho.

Kort tid etter kom politiet og tog seg av mannen som dagen etter blei lagt inn på psykiatrisk avdeling ved SUS.

I dag, litt meir enn tre veker etter, hadde Voll sin andre dag på jobb i skranken, og fengselsbetjentane var på besøk for å snakka med dei andre som var der og for at sjukehusleiinga offisielt ville takka dei for innsatsen.

– Eg er utruleg takksam og glad for at dei var der og for at dei gjorde den jobben som dei gjorde, fortel Voll.

– Korleis er det å vera tilbake på jobb?

– Eg har vore i dette rommet to gonger før eg byrja igjen og det var veldig ubehageleg. Først på vakta var eg ganske skjelven men det gjekk over etter kvart. Eg vil nok vera litt meir førebudd på at slike ting skal skje, men eg skal halda fram med å jobba her.

Sarah Linnea Voll

Sarah Linnea Voll ved kuleholet.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK